• UT MOT REGJERINGA: KrF og partileiar Knut Arild Hareide vil at Stortinget skal ta ein full runde om kvikksølv-ubåten ved Fedje før saka blir avgjort. FOTO: Bård Bøe

Regjeringa har ikkje fleirtal for ubåt-tildekking

Det er ikkje fleirtal på Stortinget for å vedta tildekking av Fedje-ubåten nå. – Denne saka kan ikkje avgjerast med nokre linjer i statsbudsjettet, seier KrF-leiar Knut Arild Hareide.