Her siglar Forsvaret med simulator i Hjeltefjorden

Sjå korleis Sjøforsvaret driv navigasjonstrening.

Publisert Publisert

NAVIGASJONSTRENING: I simulatoren ved Sjøkrigsskolen på Laksevåg siglar Sjøforsvaret gjennom Hjeltefjorden. Foto: Geir Martin Strande

  • Adalheidur Audardottir Oldeide
  • Geir Martin Strande (foto)
iconDenne artikkelen er over ett år gammel

Det er stillare enn vanleg i simulatorparken ved Sjøkrigsskolen på Laksevåg. Fleire av elevane har eksamen i navigasjon. I gangane er det mørkt.

Det einaste lyset i fleire av romma kjem frå skjermane som blir brukt for å setje kurs og planleggje ruter som skal siglast. Ofte gjennom tronge sund, nokre gonger til andre land.

– Vi veit kor vi er, men det viktigaste å tenkje på er kor vi skal og kva utfordringar som finst. Den dagen det er alvor, er det ikkje sikkert ein har alle hjelpemiddel tilgjengeleg, seier kommandørkaptein Daniel Thomassen.

http://api.schibsted.tech/proxy/content/v3/publication/bt/multimedias/dd7aef8c-1aae-48f6-a117-4ba4e4346ee8?text=Elevane%20ved%20sj%C3%B8krigsskulen%20f%C3%B8rebur%20ruta%20dei%20skal%20segle%20i%20simulatoren.%20 & margin=3em

– Eit alvor og ei påminning

I ein av simulatorane ved sjøkrigsskulen siglar besetninga sørover inn i Hjeltefjorden. Det er gått halvannan månad sidan fregatten KNM «Helge Ingstad» kolliderte med tankskipet «Sola TS» i fjorden.

Inne i simulatoren kan ein høyre maskindur. Kjensla av bølgjer gjer at ein kan bli sjøsjuk i simulatoren. Gjennom vindauga, som eigentleg er skjermar, kan ein sjå at det er mørkt ute. I det fjerne kan ein skimte lyset frå Stureterminalen på land.

http://api.schibsted.tech/proxy/content/v3/publication/bt/multimedias/dd7aef8c-1aae-48f6-a117-4ba4e4346ee8?text=Her%20seglar%20Sj%C3%B8forsvaret%20s%C3%B8rover%20i%20Hjeltefjorden%20i%20simulatoren.%20P%C3%A5%20land%20ser%20ein%20lysa%20fr%C3%A5%20Stureterminalen. & margin=3em

På brua står ein vaktsjef, ein assistent og ein rormann. Dei navigerer seg fram i Hjeltefjorden. Vaktsjefen har Sjøkrigsskolen si nautiske høgskuleutdanning.

Avhengig av fartstid, har vaktsjefar på fregattane høve til å løyse dei høgaste sertifikata som dekksoffiser.

Thomassen seier at Hjeltefjorden ikkje nødvendigvis er ein plass ein ville drive navigasjonstrening i simulator, men seier samstundes at det er viktig å dra lærdom av ulukker når ein har fått vite kva som var årsaka til ulukka.

– Når granskinga av ei ulukke er ferdig vil ein sjå kva vurderingar som vart gjort, og kva informasjon som kan ha blitt oversett.

– Norskekysten er eit farvatn der det skjer grunnstøytingar og kollisjonar frå tid til anna. Det er viktig å vite kor ting har skjedd. Det er slikt vi tek med oss i opplæring av nye navigatørar.

Han trur ulukka har påverka heile det maritime miljøet i Norge.

– Absolutt. Når det skjer noko slikt er det eit alvor og ei påminning om kva som faktisk kan skje.

NAVIGASJONSTRENING: I simulatoren førebur brumannskapet på KNM «Thor Heyerdahl» seg på utsiglinga frå Plymouth i England. Frå venstre skipssjef Daniel Thomassen på fregatten KNM «Thor Heyerdahl» og Thomas Reitan, navigasjonsoffiser på same fartøy. Foto: Geir Martin Strande

Mannskapet om bord på fregatten KNM «Helge Ingstad» dreiv med navigasjonstrening då krigsskipet kolliderte med tankskipet «Sola TS» i Hjeltefjorden.

– Det går eigentleg alltid føre seg kontrollert navigasjonstrening medan vi siglar langs kysten, seier Thomassen.

Han forklarar at det er fleire måtar å drive navigasjonstrening på, men presiserer at posisjonen som går fram av dei elektroniske systema alltid må sjekkast opp mot det ein faktisk ser.

– Noko av det viktigaste er å trene på situasjonar der elektroniske system med satellittsignal ikkje er tilgjengelege. Det kan til dømes skje dersom signalet har blitt «jamma» ut, seier Thomassen.

I hovudsak kan ein kontrollere navigasjon på to ulike måtar:

  • Optisk navigasjon med radarstøtte, til dømes ved å navigere etter fyrlykt eller andre sjømerke. Då vil ein kontrollere at skipet sin posisjon stemmer med kursen ein har planlagd på førehand.
  • Radar med optisk støtte. Dette kan ein bruke dersom ein har nedsett sikt eller det ikkje er sjømerke å navigere etter. Radaren nyttast då som eit måleinstrument for å kontrollere posisjon, i tillegg til å oppdage andre fartøy.

– I tillegg brukar ein trackingfunksjon på ekko som er relevant å følgje med på. Då vil ein sjå kva kurs og fart fartøyet faktisk har, og kunne avgjere om det kan oppstå fare for kollisjon.

I tillegg har ein AIS tilgjengeleg, der ein mellom anna ser namnet på fartøyet.

– Å slå av sin eigen AIS kan somme gonger vere viktig for eit militært fartøy, men skal uansett bli brukt når det er naudsynt for sikkerheita.

http://api.schibsted.tech/proxy/content/v3/publication/bt/multimedias/dd7aef8c-1aae-48f6-a117-4ba4e4346ee8?text=Besetningen%20p%C3%A5%20KNM%20%C2%ABThor%20Heyerdahl%C2%BB%20trenar%20p%C3%A5%20innseglinga%20til%20Plymouth%20i%20England%20ved%20hjelp%20av%20simulatoren. & margin=3em

– Må ta eit steg tilbake

I simulatoren på Sjøkrigsskolen på Laksevåg har brubesetninga plotta inn ei ny rute. No skal dei sigle frå Plymouth i England. Dit skal besetninga på fregatten KNM «Thor Heyerdahl» sigle like over nyttår, for å delta på ei stor øving.

– Dette gjer vi for å bli kjent med ruta før vi skal sigle den. Når vi kjem dit etter nyttår vil vi kjenne oss igjen etter denne turen i simulator.

Farvatnet er trongt og det er grunt over alt. Ved utsiglinga frå Plymouth blir det viktig å ha kontroll på alle sjømerkene ein ser, seier Thomassen.

Han seier det aller viktigaste å tenkje på når ein navigerer eit fartøy, er å ha evna til å tenkje langt fram, ikkje berre ha fokus på det som ligg framfor seg.

– Det er eit stort ansvar å føre eit fartøy. Det tar tid å bli trygg på navigering.

Han seier ulukka i Hjeltefjorden minner om at det er viktig å ha eit kritisk blikk på seg sjølve.

– Vi må ta eit steg tilbake som organisasjon og sjå på alle opplæringssystem for å sjå kva vi kan lære av dette. Det er det gode som kjem ut av slike ulukker.

Publisert

Fregatt-havariet

  1. INNENRIKS

    Regjeringen erstatter ikke «Helge Ingstad»

  2. LOKALT

    Politiet er ferdige med fregatt-etterforskinga

  3. LOKALT

    – Vi har et kjærlighets­forhold til kyst­befolkningen. Men er noen ganger uforståelige for dem.

  4. LOKALT

    Sjøforsvaret fikk en rekke klager under militærøvelse

  5. LOKALT

    Innleide, polske sveisere manglet sikkerhets­godkjenning

  6. LOKALT

    Difor er etterforskinga ikkje ferdig før påske

  1. Fregatt-havariet
  2. Webview
  3. KNM «Helge Ingstad»