Ein maidag i 1887 ligg Ludvig Hope i potetåkeren i Masfjorden og reinskar ugras og grublar.

Det er vekkelsesluft i Nordhordland. 16-åringen har sett familie, naboar og vener bli frelste på bedehuset, men sjølv kjenner han ingenting.

Plutseleg kjem Ludvig på noko han har lært på skulen, og der, i åkeren, blir ungguten frelst.

– Mørkemann

Ludvig Hope (1871–1954) var den førande misjonshøvdingen på 1900-talet og fekk mange menneske til å venda om og velja Jesus. Men BT-juryen, som har kåra han til ein av «Dei 15 mest vestlandske vestlendingane», kallar Hope ein vestnorsk mørkemann.

Er det riktig?

HOPE-ARKIVET: I kjellaren til misjonsskulen til Norsk Luthersk Misjonssamband i Oslo, blir privatarkivet til Ludvig Hope oppbevart.
KJERSTI MJØR

I ei ny podkast frå Bergens Tidende leitar reportarane Tonje Aursland og Kjersti Mjør etter svar. Du får også høyra om då Hope kjende seg vraka av Gud og lova seg sjølv å aldri meir forkynna, og om tida i tysk fangenskap under krigen.

Abonner på serien via iTunes her, eller bruk RSS i en podcast-app.

«KJÆRE LUDVIG»: Ludvig Hope fekk mange brev i tida på Grini. Dette er frå Julie, hans andre kone.
KJERSTI MJØR

I juryen: UiB-professorane Anne Lise Fimreite, Tone Hellesund og Geir Atle Ersland, samt BT-kommentator Eirin Eikefjord og sjefredaktør i Bergens Tidende, Øyulf Hjertenes.