Med 15 mot 12 stemmer vedtok kommunestyret at flaumluke ikkje er eit godt nok alternativ til å verna Odda-samfunnet mot nye katastrofeflaumar. Kommunestyrets uttale var i tråd med rådmannens forslag og dessutan i samsvar med kommunestyrets tidlegare uttale til fordel for flaumtunnel med kraftverk (20 mot 7 stemmer på kommunestyremøte i februar).

Kommunestyrets vedtak betyr ikkje at det nødvendigvis blir flaumtunnel med kraftverk, eller at det ikkje blir flaumluke, som skal løysa Oddas flaumproblem i framtida. Men det er flaumtunnel med kraftverk som blir kommunestyrets anbefaling til Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE). Det er venta at NVE legg fram si tilråding til hausten.

Fylkesmannen positiv til luke

Fylkesmannen stiller seg på si side positiv til flaumlukealternativet. I februar uttalte Fylkesmannen at vilkåra for å gi konsesjon til bygging av kraftverk i det verna vassdraget ikkje er til stades. Om lukealternativet skriv Fylkesmannen at det vil vera langt mindre konfliktfylt for vassdragsnaturen enn bygging av flaumkraftverk.

Ei rad velforeiningar, fagforeiningar, reiselivslag og andre har også uttalt seg positive til flaumluke.

Odda-ordførar Roald Aga Haug (Ap) har vore ein uttalt tilhengjar av flaumtunnel med kraftverk. Han var nøgd både med debatten og voteringa etter debatten.

Krev fullfinansiert flaumtunnel

– Ryddig og sakleg, seier Aga om debatten, der det også vart lansert andre forslag, til dømes flaumtunnel utan kraftverk.

– Men det er urealistisk å få til. Det kjem til å kosta langt meir enn NVEs årsbudsjett, seier ordføraren.

I eit tilleggsforslag frå Arbeidarpartiet krev Odda kommunestyre at regjeringa, dersom Sunhordland Kraftlag (SKL) ikkje får konsesjon for å byggja flaumtunnel med kraftverk i enden, fullfinansierer ein flaumtunnel til ein kostnad på 300 millionar kroner. Dette forslaget stemte kommunestyret for, med 16 mot 11 stemmer.

Motstandarane mot flaumtunnel med kraftverk er sjølvsagt skuffa etter vedtaket. Men det kom ikkje uventa.

– Større og større motstand mot kraftverk

– Vi visste at dei ville landa på noko slikt. Men motstanden både i kommunestyret og ute blant folk er aukande. For nokre veker sidan var det sju som stemte mot utbygging, no har talet auka til 12, seier Robert Henkel i Interessegruppa for flaumsikring av Opo utan kraftverk.

Han trur voteringa ville ha vippa i favør av flaumluke dersom debatten hadde funne stad om ein månad.

– Då opnar den nye elvepromenaden langsmed elva. Endå fleire vil då sjå kva det er vi står i fare for å mista. Så, nei, vi er ikkje motlause. Løpet er ikkje køyrd, seier Robert Henkel.

Samde om at tiltak må til

Striden om Opos lagnad har utløyst stort engasjement i Odda. Meiningane både for og imot utbygging av det varig verna vassdraget har vore sterke. Det einaste partane har vore samde om, er at Odda må sikrast mot nye katastrofeflaumar. På den eine eller den andre måten. Denne semja kom også til uttrykk på onsdagens kommunestyremøte. Etter katastrofeflaumen seint i oktober i 2014 er eit omfattande sikringsarbeid blitt utført i eleveløpet. I teorien skal elva, slik ho framstår no, kunna ta unna langt meir vatn enn det som kom ned i samband med 2014-flaumen.