Like før tusenårsskiftet fekk Jon Fosse (58) sitt internasjonale gjennombrot som dramatikar. Han vart motteken som ei stjerne overalt, men suksessen hadde ein høg pris for den sky hardingen.

– Det livet der passa meg ikkje i det heile. Eg vart utsett for ei ekstrem eksponering, seier Jon Fosse i ein ny podkast frå Bergens Tidende.

Til slutt vart Fosse nøydd til å ta eit val.

Dramatikaren frå Strandebarm er kåra til ein av «Dei 15 mest vestlandske vestlendingane» av BT-juryen. Høyr Jon Fosse fortelja om livet sitt i fjerde episode av podkastserien.

Abonner på serien via iTunes her, eller via RSS.

PRIS: Jon Fosse tok imot Nordisk råds litteraturpris i konserthuset i Reykjavik i 2015. Forfattaren fekk prisen for trilogien "Andvake", "Olavs draumar" og "Kveldsvævd".
NTB Scanpix

I juryen: UiB-professorane Anne Lise Fimreite, Tone Hellesund og Geir Atle Ersland, samt BT-kommentator Eirin Eikefjord og sjefredaktør i Bergens Tidende, Øyulf Hjertenes.