Bømlo Skyttarlag

Bømlo Skyttarlag vart stifta i 1969 og er tilslutta DFS gjennom Sunnhordland Skyttarsamlag. Laget sitt hovednedslagsfelt ligg i området Våge – Langevåg i Bømlo kommune. I 2007 hadde laget 223 medlemmer, 185 aktive og av desse 88 skyttarar i alderen 10 – 17 år. Laget sin skytebane ligg på Vika med 10 elektroniske skiver på 200 m og 8 på 100 m. Ein har og elektronisk 15 m bane med 6 skiver i Langevåg Bygdatun. Sjå også lagets nettside