Desse skyene er ikkje dårleg nytt for Vestlandet

Det kan bli like fint vêr i dag som i går. Men temperaturen søkk.

Publisert:

«DE LÆRDE STRIDAST»: Meteorologane i Stormgeo og Meteorologisk institutt er ueinige i om vêret på søndag blir like fint som det var på laurdag. Foto: Meteorologisk institutt @meteorologene på Twitter

Søndag publiserte Meteorologisk institutt eit satellittbilete på Twitter, som viser gulkvite skyer over Vestlandet.

Desse skyene vil tørke ut i løpet av dagen, men spørsmålet er kva tid det vil skje, fortel Haldis Berge, meteorolog ved Vêrvarslinga på Vestlandet.

Det kan lette til på formiddagen, men vi må kanskje vente til ettermiddagen før vi ser sola.

– Eg trur det blir like fint vêr i dag som i går. Spørsmålet er berre kor tidleg dei løyser seg opp, seier ho.

Trur ikkje det blir skyfritt

Mariann Aabrekk, meteorolog i Stormgeo trur i motsetning til Berge at det ikkje blir like fint vêr søndag som på laurdag.

– Sola kjem til å vise seg, men heilt skyfritt kjem det ikkje til å bli. Om det skjer, så blir det i indre strøk, seier ho.

Årsaka er vind frå nordvest, som gjer at det kjem meir skyer inn frå havet.

LUNSJPAUSE I PARKEN: Skyene og nedbøren som kan kome neste veke, let vente på seg til torsdag. Foto: Bård Bøe

Ekstra dag med finvêr

Laurdag melde meteorologen frå Stormgeo at det frå onsdag av ville bli «50-50» sjanse for skydekke og regn. No ser det ut til at vi får ein dag ekstra med sol.

– Skyene og nedbøren kjem ikkje før på torsdag. Kor vått og grått det blir er usikkert, seier ho.

Kor det eventuelt blir overskya og regn i neste veke er og usikkert.

Temperaturen søkk litt

I ytre strøk av Hordaland og Sogn og Fjordane vil ein søndag få rundt 15 og 18 grader, mens ein i indre strøk vil få rundt 20 varmegrader, fortel Aabrekk.

Temperaturen kjem til å søkke litt i dag og halde seg slik.

– Fram til midten av veka, da vil temperaturen jamt over stige igjen, seier Aabrekk.

Publisert: