«Kyllingpølser har ført den norske kulturen til randa av kollaps. Har det rakna fullstendig for norsk politikk?»

Høyr BTs nye podkast «Nokon må gå».

Publisert:

NY PODKAST: Kommentator Morten Myksvoll, politisk journalist Gerd Margrete Tjeldflåt og kommentator Jens Kihl snakkar kvar veke om sakene som engasjerer og irriterer. Foto: Rune Sævig

I dag lanserer BT den nye podkasten «Nokon må gå».

Kvar veke skal politisk journalist Gerd Margrete Tjeldflåt og kommentatorane Jens Kihl og Morten Myksvoll snakke seg gjennom sakene som engasjerer og irriterer.

Denne veka er det mellom anna krigen mot jul som står på agendaen, etter ei veke prega av julebråk i Seljord og kamp for å få ete svinepølse på Stortingets julefest.

– For et par år sidan ville eg tenkt at det var pressa som var verst på clickbait-titlar, men no synest eg det har snudd, seier kommentator Jens Kihl.

– Eg synest vi har skjerpa oss litt, mens det no er politikarane som drar på.

Høyr første episode her, eller i BT Lytt, som du kan laste ned i App Store (for iPhone/iOS) eller Google Play (for Android):

Publisert: