Podkast: – Me har fått ei ny sjokkmåling!

Høyr vekas episode av «Nokon må gå».

Publisert Publisert

I STUDIO: Gerd Margrete Tjeldflåt, Jens Kihl og Morten Myksvoll held deg oppdatert på denne vekas store saker i siste utgåve av podkasten «Nokon må gå». Foto: Geir Martin Strande (Arkiv)

  1. Leserne mener

I denne vekas «Nokon må gå» er bompengeveljarane tema. For kvar har dei tatt vegen?

Bompengepartiet fekk 16,7 prosent av stemmene i valet. På BTs siste måling sit dei igjen med berre 4,1 prosents oppslutning.

– Me har fått ei ny sjokkmåling, berre omvendt veg frå i fjor, seier politisk kommentator Morten Myksvoll.

Høyretelefon- og Twist-konflikten mellom Bergen kommune og Staples blir også sjølvsagt teken opp.

Staples har sagt opp millionkontrakten med Bergen kommune fordi kommunen kjøpte altfor mange høyretelefonar på tilbod.

– Det er som om Staples trudde me hadde planøkonomi, men så plutseleg fekk dei merke at tilbod og etterspurnad fungerer her i den frie marknaden, seier kommentator Jens Kihl.

Byvekstavtalar, primærvala i USA og den viktige paraplykulturen i Bergen blir også diskutert i denne vekas episode.

Høyr vekas episode her eller i BT Lytt, som du kan laste ned i App Store (for iPhone/iOS) eller Google Play (for Android).

Publisert