Biskop Nordhaug: – Telefonen er smittefri. Bruk den.

Halvor Nordhaug oppfordrar samfunnet til å halde kontakten med kvarandre, sjølv om viruset herjar.

Publisert Publisert

Biskop Halvor Nordhaug oppfordrar folk til å halde kontakten med dei som blir isolerte. Foto: Elias Dahlen (arkiv)

  • Kyrre Fitje

Torsdag vart nye korona-tiltak presentert av statsminister Erna Solberg og helse- og omsorgsminister Bent Høie.

Den norske kyrkje kom raskt etter med tiltak på sine aktivitetar.

Les også

Ingrid la ut en melding på Facebook. Nå er det flere tusen som vil hjelpe i Bergen.

– Ei påminning

– Det er ein dramatisk situasjon som no har treft oss. Dette er ei påminning om korleis det er å vere menneskje, seier biskop i Bjørgvin bispedømme, Halvor Nordhaug.

Biskop Halvor Nordhaug gjer fleire tiltak for å sikre eige bispedøme mot smitta. Her er biskopen i 2016. Foto: Rune Nielsen (arkiv)

Nasjonalt har kyrkja avlyst alle gudstenester og andre arrangement fram til 22. mars.

I Bjørgvin bispedøme (gamle Sogn og Fjordane og Hordaland) vil gravferder gå føre seg med maks femti deltakarar. Dåp og viglar skal gjennomførast på særleg grunnlag.

Heimedåp og kontorvigsel kan vere alternativa.

Korskirken vil vere open for dei som vil tenne lys.

Beklageleg, men nødvendig

Nordhaug meiner det er beklagelege, men nødvendige grep kyrkja no tar.

– Vi vil hjelpe med å få gjennomført det nødvendige. Det er ein vanskeleg situasjon for dei som har planar i kyrkja, men vi fiksar så godt vi kan.

Les også

Ei tid for å ta vare på kvarandre

Sjølv om han tar alvorleg på situasjonen, er han takknemleg for tiltaka som no blir tatt.

– Vi er heldigvis i ein heilt annan situasjon enn vi var i under spanskesjuka eller svartedauden. Vi har myndigheiter som set i gang nødvendige tiltak.

– Det sosiale blir eit sakn

Biskopen håpar no folket viser omsyn til dei som er utsette for smitta.

– Vi må avgrense oss, både som fellesskap og enkeltpersonar. Vi må unngå og møtast utanfor det nødvendige. Det blir eit sakn, men det er viktig.

Les også

Færre reiser kollektivt: – Blir litt nervøs

Han oppfordrar også folk til å bruke mobiltelefonane, på gamlemåten.

– Ta opp telefonen. Den er smittefri. Bruk den og snakk med kvarandre, hald kontakten. Vi som kyrkje vil også gi ut ei bøn folk kan be.

Johanneskirken blir ståande mykje tom i tida som kjem. Foto: Geir Martin Strande

Det er også fleire som kan bli meir aleine grunna pandemien.

– Kvar enkelt av oss må tenkje på dei som blir aleine. Dei som ikkje kan ta turen til butikken, eller som mistar fellesskapet på jobben. Ta kontakt med dei, høyr korleis dei har det, oppfordrar biskopen.

Spøkjer for påskegudstenesta

Om mindre enn ein månad er det påske, ei viktig høgtid for mange kristne.

Biskopen seier det vil bli ei trist påske, om også den må gå utan gudstenester.

– Vi veit ikkje noko om påska endå. Vi må vente å stelle oss til råda vi får frå myndigheitene. Vi vil bruke nettet og informere bispedømet og kyrkjelydane våre.

Les også

Her blir det koronaklinikk: – Det blir krevende

Det same gjeld konfirmasjonsgudstenestene i mai.

– Vi må berre sjå an situasjonen. Om dette blir vedvarande, kan vi stelle i stand enkle gudstenester og strøyme dei over nettet. Det er noko vi må vurdere.

Publisert

Les mer om dette temaet

  1. Solberg om koronadødsfall: – Mine tanker går til de etterlatte

  2. De kommer med krisepakke på flere milliarder

  3. «Det er no vi viser kva vi er laga av»

  4. – Trenger du å få din billett refundert? Tenk deg om.

  1. Samfunnet
  2. Påske
  3. Koronaviruset
  4. Jobb
  5. Erna Solberg