Valekspert: – Politikarane burde frykte bompengelista i Bergen

PODKAST: Kan bompengar avgjere kven som får styre Bergen? Høyr podkasten her.

I MEDVIND: Engasjementet mot den nye bomringen er stort. Bård Bøe

Heile bydelar føler seg gløymt, barnefamiliar rasar og yrkessjåførane ser raudt.

Bompengesaka i Bergen har spissa seg så kraftig til at Folkeaksjonen nei til meir bompengar var like store som Frp på sist måling.

Kan bompengesaka avgjere kven som får nøklane til byrådskontora etter valet?

Vi spurte politisk redaktør i BT, Frøy Gudbrandsen, og valekspert Johan Giertsen i Poll of polls. Svara lovar ikkje godt for dei tradisjonelle politiske partia i Bergen.

– Den nye bompengelista klarer seg veldig bra og har treft tidsånda. Dei tradisjonelle partia bør frykte dei, seier Giertsen.

Abonner på podkast-serien via iTunes, på Spotify eller søk den opp i din app. Du finn den også i vår nye podkast-app BT Lytt, som du kan finne i App Store eller Google Play.

PANEL: Programleiar Ingvild Nave, politisk redaktør i BT, Frøy Gudbrandsen, og valekspert Johan Giertsen frå Poll of polls. Alice Bratshaug