Familien med tre barn på Tysnes møtte rømme huset i kleda dei sov i. Stova stod i full fyr då brannvesenet kom fram i halv firetida natt til laurdag.

– Ei skummel melding

– Dei sa at dei hadde vakna av svilukt. Det minste barnet var berre halvannan månad gammalt, seier vaktkommandør Ronald Drotningsvik i 110 Hordaland.

Han snakka med mor i huset på telefonen. Ho ringde inn og varsla om at det brann kl. 03.23.

– Det var ei skummel melding å få, med tre barn i huset. Men dei kom seg ut før flammane hadde tatt skikkeleg fatt, seier Drotningsvik.

Det frivillige brannvesenet på Tysnes var på staden i Uggdalsvegen etter eit drygt kvarter med to bilar og fem mann.

GJEKK FORT: Familen på fem søkte tilflukt i bilen. Dei måtte springe ut i dei kleda dei sov i.
Privat

Søkte tilflukt i bilen

Då var det full overtenning inne i stova.

– Familien sat i bilen, i dei kleda dei hadde sove i. Flammane stod ut gjennom eitt av vindauga, seier utrykkingsleiar Vidar Lid i Tysnes brannvesen, som var først på staden. Han seier forholda var vanskelege til å byrje med.

– Vi hadde litt lite mannskap, men gjorde det beste ut av det, seier Lid.

Etter først å ha spylt vatn inn gjennom vindauga, fekk dei etter kvart også forsterkingar frå brannvesenet i Ølve i Kvinnherad, og gjekk inn med røykdykkarar.

Avgrensa brannen

Huset er eit to etasjes trehus med kjellar. Etter det vaktkommandør Drotningsvik fekk opplyst, hadde det gått bra med familien.

– Dei sa at mannen hadde fått i seg litt røyk, men elles var ingen skadd, seier han.

Brannmannskapa fekk etter kvart slått ned flammane, og kl. 04.06 melde dei at dei hadde kontroll.

– Det lykkast å avgrense brannen til det eine rommet, stort sett, seier Drotningsvik.

Kriseteam hjelpte familien

Like etter kl. 05 melde brannvesenet at brannen var sløkt.

Ein politipatrulje frå Fusa rykte også ut. Familien er nå tatt hand om av kriseteamet frå Tysnes kommune.

– Kommunen har skaffa dei overnatting. Ifølgje patruljen vår har brannvesenet gjort ein veldig god jobb, seier operasjonsleiar Dag Olav Sætre i Vest politidistrikt.