Mann i 20-åra alvorleg skadd etter fall frå utestad i Førde

Mannen fall fem-seks meter då han prøvde å klarte inn på utestaden Pikant etter å ha blitt nekta inngang. No ligg han hardt skadd på sjukehus.

Publisert Publisert

FALL FEM-SEKS METER: Natt til laurdag blei ein mann i 20-åra alvorleg skadd då han fall i eit forsøk på å klatre opp på verandaen på utestaden Pikant i Førde. ARKIVFOTO: ODDLEIV APNESETH

iconDenne artikkelen er over tre år gammel

Natt til laurdag blei mannen, fødd i 1994, nekta inngang av vaktene på Pikant. Han skal då ha gått rundt bygget og prøvd å ta seg inn ved å klatre opp fasaden til ein veranda i andre etasje, men fall fem-seks meter i forsøket.

– Vaktene gjorde det rette og viste mannen vekk på grunn av høgt alkoholinntak. Dei kunne dessverre ikkje vite kva dramatiske konsekvensar dette fekk, seier medeigar på utestaden i Førde, Tore Solbakken.

Han understrekar at mannen aldri var inne på utestaden.

– Dette er ei tragisk hending. Det er rett og slett vanskeleg for oss å skjønne korleis han greidde det, seier Solbakken.

Tilstanden er alvorleg, men stabil

Politiet fekk melding om ulykka like etter klokka 23.30, fredag kveld.

– Mannen skal ha ramla frå ein veranda i andre etasje og pådratt seg kuttskadar i hovudet, sa operasjonsleiar i Vest politidistrikt avdeling Sogn og Fjordane, Trond Hatlenes, til Bergens Tidende natt til laurdag.

Les også

68-åring alvorlig skadet etter fall i selskap

Mannen fekk umiddelbar hjelp av dei tilsette på Pikant som kontakta ambulanse og la den skadde i stabilt sideleie.

– Han ligg no på intensivavdelinga. Tilstanden er alvorleg skadd, men stabil, opplyser AMK-avdelinga på Førde sentralsjukehus, søndag ettermiddag.

– Graset kan ha dempa fallet

Pikant har i dag hatt møte kring sikkerheita på utestaden og er i dialog med huseigar for å sjå om noko kan gjerast for å sikre bygget enda betre.

– Huset er bygga etter alle lovar og reglar. Det er vanskeleg for oss å sjå korleis han i heile tatt har kome seg opp dit på eiga hand, seier Solbakken.

Mannen fall frå verandaen på baksida av bygget, ned på ein sti som går langs elva Jølster.

Les også

Oversvømmelse i barnehage

– Dette er ei forferdeleg og tragisk hending, men når ulukka først skjedde, er vi glade for at det ikkje gjekk mykje verre. Mannen fall på grasstien, noko som kan ha dempa fallet noko, seier Solbakken.

Medeigaren av Pikant fortel at dette har vore ei dramatisk hending for alle dei tilsette som var på arbeid fredag kveld, men at dei er mest bekymra korleis det går med mannen.

Publisert