Podkast: Når liket blir trilla inn, begynner detektivjobben hans
Ein død bergensar blir trilla inn på rettsmedisinsk obduksjonssal på Gades institutt. Ingen veit kva som har skjedd. Det er opp til rettsmedisinar Inge Morild å finna svaret.
Er dødsfallet naturleg? Eller har det skjedd noko kriminelt? Professor dr. med. Inge Morild har hatt døden som yrke i over 40 år, og no er det opp til han å løysa mysteriet på stålbenken. BT-journalist Kjersti Mjør har invitert seg sjølv med på obduksjonen.
Bergens Tidende utvidar podkast-tilbodet for deg som er abonnent. Kvar månad lansererer vi ein eksklusiv episode av «Kva skjedde?». I kvar episode opnar Kjersti Mjør ei ny dør i Bergen til miljø folk flest ikkje har tilgang til, eller til heilt spesielle livssituasjonar og skjebnar.
Den første episoden har tittelen «Funnet død på bopel». Høyr den i vindauget over eller i BT-appen.
Skriv gjerne til oss på hvaskjedde@bt.no.