Det aller siste postkontoret i Sogn og Fjordane lagt ned

Seks tilsette i Førde må gå. Neste år blir Sogn og Fjordane eit av to fylke heilt utan postkontor.

DEN SISTE POSTSTYRAREN: Stein--Erik Sevalrud er avdelingsleiar for postkontoret i Førde- PRIVAT

– Når vi blir lagde ned, er det null postkontor igjen i Sogn og Fjordane, seier Stein-Erik Sevaldrud, avdelingsleiar for postkontoret i Førde.

Dei seks tilsette vart orienterte tysdag føremiddag. Fylkets siste postkontor, som ligg i Handelshuset i Førde, skal leggjast ned i løpet av 2017.

– At beskjeden kom i dag, var overraskande. Media stod på døra ein time etterpå, før vi hadde fått snakka med familiane våre, seier Sevaldrud.

Fekk Post i butikk som nabo

– Men kjem det overraskande at kontoret blir lagt ned?

– Vi har jo sett utviklinga når det gjeld behovet for postkontor. Trafikken går veldig ned. Vi har eit stort postboksanlegg med 600–700 boksar, og posten vi legg inn i dei, har minka dei siste åra, seier Sevaldrud.

– Før hadde vi kring 200 kundar kvar dag. Så opna ein ny Post i butikk rett ved sidan av oss. No har vi ikkje meir enn 150 kundar dagleg.

– Ingen kjekk beskjed

Også Vestfold blir utan postkontor neste år. Kontoret i Tønsberg har fått beskjed om at det skal vekk, i tillegg til Nordstrand i Oslo

Dermed blir det 30 postkontor igjen i landet.

Det einaste som er igjen i Hordaland, ligg i kjøpesenteret Exhibition i Bergen sentrum.

– Dei fleste fylke har eitt postkontor igjen. Sogn og Fjordane sit att utan eit einaste, seier Sevaldrud.

– Korleis har dei tilsette i Førde hatt det denne dagen?

– Vi vil ikkje seie så mykje om det. Ingen av oss har fått snakka med dei heime enno. Derfor har vi bestemt oss for å ikkje seie noko om reaksjonane før vi har snakka med familiane våre. Men det var ingen kjekk beskjed å få.

Fleire tusen postkontor borte

– Beskjeden måtte kome på eit eller anna tidspunkt, og eg trur ikkje den kunne ha kome mindre overraskande. Det overraskande var at media fekk vite om det så raskt. Vi har ikkje gått ut med informasjon, seier pressesjef John Echoff i Posten Norge.

– Kvifor legg Posten ned det siste postkontoret i fylket?

– Brevmengda er halvert sidan toppåret 1999. Vi har lagt ned fleire tusen postkontor, og lagt om til Post i butikk 1400 stader. Det har vore ei vellykka omstilling både for kundane og oss. Post i butikk er ein kostnadseffektiv modell som er godt tilgjengeleg, har lengre opningstider og god service som postkontora.