Nervekrig om lønnsnemnd

Fagforeiningane freser etter at Statoil stenger nye oljefelt, og fryktar tvungen lønsnemnd. Lønsnemnd vil dei tape på, meiner forskar.

Publisert Publisert

STREIKAR: Nokre dreg ut, medan andre må vere heime. - Det er veldig destruktivt å ikkje verta høyrt, og folk er mildt sagt forbanna der ute, seier kommunikasjonsleiar i Lederne, Sverre Simen Hov (til v.). Saman med Per Helge Ødegård og Terje Herland frå Lederne samt Geir Nilsen frå Industri Energi, delte han ut streikeinformasjon på Flesland i går. Foto: TOR HØVIK

iconDenne artikkelen er over syv år gammel

— Dette er ein streik som arbeidstakarsida har all interesse av å fortsette, seier forskar Kristine Nergaard i forskingsselskapet Fafo.

Kjernen i konflikten er striden om pensjonsvilkåra til dei tilsette på sokkelen. Skal dei som går av med førtidspensjon som 62-åringar framleis få ekstra pensjon fram til dei når vanleg pensjonsalder og full pensjon, eller ei? Ifølgje fagforeiningane står det om rundt 80.000 kroner i året.

Endar konflikten med lønsnemnd har arbeidstakarane historia mot seg. Pensjonskrav er det liten tradisjon for at lønsnemnda gir etter for, ifølgje Nergaard. Arbeidstakarane har betre sjansar dersom konflikten blir løyst med forhandlingar, meiner ho.

Dermed er det om å gjere for fagforeiningane å halde streiken på eit nivå som hindrar at styresmaktene grip inn med tvungen lønsnemnd.

"Eit pek"

Hilde-Marit Rysst, leiar i Safe, kallar Statoil si avgjerd i går om å stengje produksjonen på Veslefrikk, Huldra, Brage og Oseberg C for "eit pek mot samfunnet".

Les også

- Blir behandla som Nordsjødykkarane

Statoil grunngjev stenginga med at olje frå dei fire felta blir frakta i rør innom Oseberg feltsenter, der arbeidarane er i streik. Utan folk i arbeid på feltsenteret er det ikkje trygt å produsere frå dei fire felta lenger.Rysst sin kollega i IndustriEnergi, Leif Sande, meiner arbeidsgivarane berre er ute etter å gjere konsekvensen av streiken meir omfattande for å tvinge fram lønsnemnd. Det er heilt unødvendig å stogge produksjonen på dei fire oljefelta, ifølgje Sande. Dei folka som må til på Oseberg feltsenter for å passe på oljestraumen frå Veslefrikk, Huldra, Brage og Oseberg C skal få dispensasjon frå streiken, lovar han.

— Det er berre for Statoil å søkje, seier Sande.

254.000 kroner dagen

— Konsekvensane av streiken blir vesentleg større enn fagforeiningane har sett føre seg, seier forhandlingsleiar Jan Hodneland i Oljeindustriens Landsforening (OLF) i ei pressemelding.

Ifølgje OLF kostar streiken no staten og bedriftene 180 millionar kroner dagen, eller 254.000 kroner dagleg for kvar av dei 708 som er tekne ut i streik. Den siste nedstenginga til Statoil kostar åleine cirka 30 millionar kroner dagen.

Fagforeiningane er usamde i dette reknestykket, og argument med at det først og fremst er er snakk om utsette – og ikkje tapte – inntekter.

Inga opptrapping

Både sokkelstreiken i 2000 og 2004 enda med tvungen lønsnemnd, den første etter nesten to veker, den andre etter ei. Begge gongar var det varsel om omfattande lockout – at arbeidsgivarane stengjer dei tilsette ute – som fekk staten til å gripe inn.

Nergaard trur arbeidsgivarane fryktar å ty til lockout for tidleg.

— Det slår alltid litt tilbake, seier ho.

Ved å stengje produksjonen på nye felt er det konsekvensen av streiken som blir utvida, utan at partane formelt trappar opp konflikten.

— Dette er ikkje ei opptrapping av streiken, og det er ikkje ein lockout, seier Nergaard.

Publisert