Om 100 år er ingenting gløymt

Digitalarkivet fyller 20 år, og dei veit meir om deg enn du anar.

ANALOGT ARKIV: Anette Skogseth Clausen er sjeldan nede i dei store magasina under Statsarkivet i Bergen. Det er mellom anna her dei analoge kjeldene til Digitalarkivet er. Hyllemeter på hyllemeter med kyrkjebøker, politiarkiv og folketeljingar.
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over fem år gammel

Anette Skogseth Clausen (44) er fagdirektør i Arkivverket. Det er ho som har ansvaret for «lausungen» Digitalarkivet, som vart fødd i Bergen for 20 år sidan. Fedrane var statsarkivar Yngve Nedrebø og Jan Oldervoll frå Universitetet i Bergen. No har snottungen vekse seg stor, den har millionar av brukarar og har vorte ein nasjonal suksess. Skapt i Bergen.

– Kva er Digitalarkivet?

– Det er Arkivverket sin kanal for å synleggjera ein del av det materialet vi har. Både det vi ser er etterspurt og det vi ser kan vera nyttig for andre å bruka. Digitalarkivet er ein av dei største suksessane i arkivverda i moderne tid. Grunnprinsippet vårt er at alle i demokratisk ånd skal ha lik og gratis tilgang til kjeldene.

– Og trafikken er god?

– Ja, både veksten i innhald og i bruk er formidabel. Vi har i dag 32 millionar namn på personar i basen som er søkbare. I tillegg kan du finna 33 millionar skanna sider frå arkiva i basen. I fjor hadde vi 6,8 millionar besøk av kring 1,5 millionar unike brukarar.

Sjølv om dei aller fleste som bruker arkivet er norske, har vi kring sju prosent av brukarane frå USA. Det er typisk folk som søkjer etter norske slektningar.

– Kven er den typiske brukaren av Digitalarkivet?

– Det er ein mann frå 55 år og oppover. Det er framleis litt fleire menn enn kvinner, men det vert stadig fleire damer som bruker oss.

FEIRAR: I lesesalen på Statsarkivet i Bergen blir jubileet feira 22 .januar.

– Kva er mest etterspurt?

– Utan tvil kjelder til slektsgransking. Slikt som kyrkjebøker, folketeljingane og emigrantprotokollane. Dette er gullgruver for slektsgranskarar. Vi er ein døgnopen digital lesesal.

– Kva anna er populært?

– Alt som har med andre verdskrigen å gjera. Her kan ein til dømes finna Kjesäter-kartotekene, med oversikt over nordmenn som måtte flykta til Sverige. Krigsfotoalbuma som vi la ut i desember i fjor, er og populære.

Les også

Krigsbilete fra arkivet

– Kva med arkiva etter landssvikoppgjeret?

– Klausuleringa vart oppheva i 2015, men det kan ikkje leggjast på nett av omsyn til personvernet. Med unnatak av materialet om Vidkun Quisling, og nokre få andre. Andre mapper kan ein få sjå fysisk på Riksarkivets lesesal. For å verna folk vert til dømes heller ikkje dei arkiva vi har frå politikammer og fengsel dei siste 100 åra, lagt ut på nettet.

– Så om 100 år er ingenting gløymt?

– Ja, då er det som er om deg i offentlege arkiv, ikkje lenger skjult. Og det meste blir truleg gjort tilgjengeleg for alle. I fjor la vi til dømes ut ei samling av forbrytarportretter frå heile landet, ei samling av 12.000 bilete av arresterte og fengsla frå kring 1860 fram til 1918.

Sjølv om mykje av det som er i arkiva ikkje er tilgjengeleg for alle, kan ein del få tilgang bak digitalt sperra murar. Det kan vera ein sakshandsamar i Nav, eller til dømes eigedomsmeklarar som treng tilgang til grunnboksblader for eigedomen.

Les også

Foto av kriminelle forfedre

SKJULTE SKATTAR: I arivvmagasina på Statsarkivet, fleire etasjar under bakken, er det mange skjulte skattar. Meir og meir av materialet blir digitalisert, men det er ikkje sikker du får tilgang til det likevel.

– Er det framleis mykje av arkivmaterialet som ikkje er digitalisert?

– Ja, veldig mykje. På ei prioritert liste har vi kring 15.000 hyllemeter med arkivsaker som vi ønskjer å digitalisera. Til alt hell har vi god hjelp av mange frivillige som gjer ein stor jobb med å laga søkbare inngangar til dei skanna kjeldene. Eit døme er Håkon Aasheim frå Osterøy, som har skreve av ei mengde tingbøker (rettsprotokollar) frå store delar av Hordaland frå 1642 til 1815.

– Kva kan vi venta i åra framover frå Digitalarkivet?

– Vi legg stadig ut materiale frå nye arkiv og samlingar, og det neste store er folketeljinga frå 1920. Den er sperra i 100 år. Den held vi på å skanna inn no. Skal vi klara å gjera den klar og søkbar til 1. desember 2020, er vi avhengig av hjelp frå frivillige.

– Kva planar har de elles?

– I dag har vi arkiva for statleg forvaltning, som kyrkje, politi og så bortetter. Vår draum er at Digitalarkivet skal bli ei dør inn til alle dei offentlege arkiva i Norge, som til dømes Bergen Byarkiv og fylkesarkivene. Ei slik løysing vil gjera mykje lettare for brukaren å finna det dei leitar etter i arkiva.

– Korleis vart de eiga interesse for historie skapt?

– Eg hadde ein utruleg god historielærar, Liv Dolve, på Fyllingsdalen vidaregående skole. Ho lærte oss å ikkje pugga årstal, men å sjå samanhengar. Då vart eg nysgjerrig. Kvifor hendte det? Kva var grunnen til det? Etter det las eg historie med eit heilt anna blikk, nesten som ein roman.

Publisert: