Kraftig vekst på Nordhordlandsbrua

Trafikken over Nordhordlandsbrua auka kraftig i januar 2001. 214.740 køyrety passerte brua, og det er ein auke på 8,3 prosent samanlikna med januar 2000. Pr. døger var auken på over 500 køyrety.