Fedjes vêrføre ferje gjekk på grunn. Erstattaren brann opp. Veslejulaftan vart reserven til reserven lagt i ro.

Ferja til Fedje er innstilt og bebuarane må setja bilen att på land. Jolaftan er allereie ramma, og held vêret fram kan det verta krise for øysamfunnet, meiner ordføraren.

UTE AV DRIFT: M/F Fedjefjord gjekk på grunn og er først attende i midten av januar. – I verste fall risikerer me veker utan eit sikra ferjesamband, seier ordførar Stian Herøy (H). ARNE NILSEN (ARKIV)

I slutten av november gjekk M/F «Fedjefjord» på grunn. Sidan dess har øysamfunnet ute i havgapet vorte tent av erstattaren M/F «Utne», men veslejulaftan vart ho innstilt.

Grunnen var vêret, melde Norled utpå kveldinga. I staden vart det sett inn ein skyssbåt som maksimalt klarer å ta unna 18 passasjerar om gongen, og ingen bilar.

Ordførar Stian Herøy (H) er redd for at dette skal verta stoda i fleire veker framover.

– Me har vore heldige med fint vêr i det siste, og då har Utne fungert bra. Men med ein gong det vert litt hardare vêr, vert ho innstilt. Det syner at ferja ikkje er eigna som erstattar. Dette er som normalvêr for oss å rekna, seier Herøy.

Veslejulaftan gav vinden liten storm på Fedje.

Les også

Vindkast på 23.7 meter per sekund

Erstattaren brann opp

Norled tener ferjesambandet etter kontrakt med Skyss. Først i midten av januar skal Fedjefjord etter planen vera attende i drift.

Den opphavlege erstattaren var M/F «Strand», men ferja brann opp i november. Norled meiner at denne ferja truleg ville ha tolt mindre vêr enn Utne-ferja, som altså fekk rolla som innbytar.

– Me meiner me har gjort det me kan og det som er rimeleg å forventa, seier regionsdirektør Inge André Utåker i Norled.

– Men syner ikkje nettopp denne innstillinga at erstattaren ikkje er god nok?

– Fedjefjord er jo ein særskilt robust båt. Det stemmer at Utne ikkje er så sjødyktig som ferja som høyrer til på sambandet, men ho tilfredsstiller krava som erstattar.

Les også

Uvær skapte trøbbel for ferger

FOLKEFEST: M/F «Fedjefjord» har heldt øya fast til land sidan ho kom på plass for 15 år sidan.

– Ikkje berre å knipsa

Uro kring mogelege innstillingar frå erstattaren fell ikkje i god jord hjå ordførar Herøy. Fedje har nærare 580 innbyggjarar.

– For Fedje-samfunnet er dette heilt krise og ei ufatteleg dårleg løysing. Me kjem oss ikkje vekk frå øya for å handla jolegåver, butikkane slit med å få tak på nok varer, folk får ikkje reisa frå eller til Fedje med bil og folk vert stressa på tid, seier han.

Herøy meiner Norled burde ha flytta ei meir sjødyktig ferje frå ein annan stad i landet for å tena Fedje-Sævrøy.

Norled svarar at det ikkje berre er å knipsa med fingrane for å finna ei anna ferje.

– Særskilt for dette fartsområdet her. Dette er beklageleg og me skulle sjølvsagt ønskja at me kunne gå med ferje der heile tida, men me kan ikkje løysa eit problem for å skaffa oss eit anna, seier regionsdirektør Utåker.

Beklagar få alternativ

Skyss syner òg omtanke ovanfor Fedje, men understrekar som Norled at erstattaren er som god nok å rekna, sjølv for det vêrharde sambandet.

«Det er leit at innbyggjarane på Fedje vert råka av innstilte ferje no i julehelga. MF Utne (...) er ikkje optimal, men ho er godkjend for dette fartsområdet, og det er denne løysinga Norled har kome opp med. Skyss kan ikkje overprøve Norled sin kompetanse når det gjeld val av ferjemateriell, og valmoglegheitene er dessverre heller ikkje så mange», skriv pressekontakt Ingrid Dreyer i ein SMS til BT.

Les også

Ferieperler til salgs

Norled opplyser at dei i høve kontrakta må stilla med ein reservebåt som tek 25 bilar. Utåker understrekar at dei ikkje er forplikta til å setja inn endå ein reservebåt, når reservebåten ikkje klarer å ta unna vêret og såleis vert innstilt.

– Me var ikkje pålagt å setja inn skyssbåten, til dømes. Så der har me synt velvilje. Det ordføraren gjer no, er å setja mannskapen under eit press som eg synest dei burde sleppa. Det er jo kapteinen som vurderer om ferja må verta innstilt eller ikkje. Kapteinen les òg BT. Derfor håpar eg at han ikkje let seg påverka i nokon grad. Eg har stor tillit til at mannskapen gjer gode vurderingar.