Populær prisvinnar

Kulturprisen til Ytre Arna historielag er ei velfortent utmerking til ei viktig drivkraft i lokalsamfunnet.

Publisert Publisert

Under avslutningskonserten for kulturdagane i går kveld vart Ytre Arna historielag tildelt kulturprisen i Arna for 2007. Det er ei velfortent utmerking til eit lag som på fleire felt har markert seg som ei viktig drivkraft i Ytre Arna-samfunnet.

Historielaget vart etablert i november 2004 av eit knippe lokale eldsjeler som ønskte å ta vare på Ytre Arna si unike kultur— og industrihistorie. Dei følte at ei stolt fortid var i ferd med å gå i gløymeboka hos mange, og ønskte å halda arven i hevd for innflyttarar og nye generasjonar.

Med tekstilindustrien og Arne Fabrikker vaks Ytre Arna fram til å bli eit av dei mest moderne og driftige samfunna på Vestlandet på 1800- og utover 1900-talet. Ytre Arna hadde den eldste samvirkeforeininga i Noreg, og var mellom dei første stadene i landet som fekk apotek, manns- og blandakor, idrettslag, musikklag, politiske lokallag m.m.

Historielaget gjekk i gang med å samla verdfulle gjenstandar, bilete og skriftleg materiale frå Ytre Arna si rikhaldige fortid. Målet var å etablera ei permanent utstilling i lokale i Arna Næringspark (gamle bomullsvarefabrikken). Utstillinga «Elvæ, Fabrikken og Folket» opna til kulturdagane i 2006. Den har sidan vore i stadig utvikling og fornying, er open i helgene, og tar imot skuleklassar og andre interesserte på kvardagar. Som kulturberar og historieformidlar gjer historielaget eit arbeid som har verdi langt ut over Arna sine grenser.

Men trass i det eineståande arbeidet med utstillinga, er det som samfunnsaktør historielaget har fått mest spalteplass. Laget har vore ein uredd pådrivar for å få kommunen og sentrale politikarar «på bana» i høve til nødvendig opprusting i Ytre Arna etter tiår med forsøming. På dette området har laget vist eit engasjement for bygda si som er prisverdig, og som mange vil meina overgår dei lokale politikarane sitt.

Vi gratulerer Ytre Arna historielag med tildelinga, og håpar på friske utspel også i framtida.

Sei di meining i kommentarfeltet under!

Publisert

Sakene flest leser nå

  1. Har solgt nesten 40.000 billetter, men får bare lov til å opptre for 200. – Vi har en enorm jobb foran oss.

  2. Ingebrigtsen blir trolig presentert som Brann-trener i kveld

  3. Etter ni år helt uten venner, tok Steinar grep. Hans metode for å få nye kamerater er blitt kopiert av mange.

  4. Brann-backen om Ingebrigtsen: – Det kan være bra å ha en sterk mann som styrer garderoben

  5. 35 festdeltakere i Oslo smittet. Fem av dem testet positivt i Bergen.

  6. Som turist frå Austlandet forventar eg betre enn dette

  1. Arna