Treg start på Nyborgtunnelen

Dagleg leiar frå Norhordlandspakken AS Sveinung Valle tvinnar tommeltottar medan han ventar på reguleringsplanen for Nyborgtunnelen.

  • John Lindebotten
Publisert Publisert
icon
Denne artikkelen er over 11 år gammel

– Det er ingen vits i å senda inn bompengesøknad før vi har klar reguleringsplanen for Nyborgtunnelen, seier Sveinung Valle, som er dagleg i leiar Nordhordlandspakken AS.

Kommunedelplanen for Nyborgtunnelen rundar snart 10 år.

Klare til å gå i gang

Plansjef Mette Svanes og seksjonsleiar Sindre Lillebø i Statens vegvesen seier til bt.no at dei er klare til å gå i gang. Fyrst må det reinskast opp litt i diverse alternativ som har vore framme tidlegare.

Utpå hausten trur dei oppstartsmeldinga kan koma, og då vil det truleg liggja att berre nokre få, kanskje til og med berre eitt, alternativ som det vert arbeidd vidare med.

Sindre Lillebø meiner det må vera mogleg å få fram ein vedteken reguleringsplan i løpet av 2010.

Då fyrst er det tid for bompengesøknaden.

Fullt trykk på landsmøtet

For å gjera Sveinung Valle rett må det leggjast til at også har anna å gjera enn å venta på ein reguleringsplan. Valle er nyutnemnd leiar i Hordaland Arbeidarparti, og han har i den funksjonen tenkt å gjera seg godt synleg på det komande landsmøtet i Arbeidarpartiet.

– Der må vi setja fullt trykk på for å sikra Hordaland så mykje pengar som mogleg frå kommuneproposisjonen som kjem i mai. Hordaland er det fylket i landet med størst etterslep på vedlikehald av vegane. Og så må vi prøva å sikra ekstramidlar til bybana.

Møte med vegdirektøren

I Nordhordlandspakken står Nyborgtunnelen på klar fyrsteplass, men altså utan planavklaring så langt. Derimot er reguleringsplanane klare for nokre av dei største prosjekta på nordsida av brua, nemleg vegen over Radøy og omlegging på E39 i Knarvik.

– Eg vil ha eit møte ved vegdirektør Terje Moe Gustavsen for å finna ut om det er mogleg å koma i gang med desse to prosjekta utan å hamna i klammeri med Stortinget, seier Valle, som kjenner vegdirektøren frå før.

JOHN LINDEBOTTEN

Kva meiner du om prosessen rundt Nyborgtunnelen? Syng ut i feltet under!

Publisert
Takk for at du leser BTIkke gå glipp av alle nyheter fra Vestlandets største avis.
Bli abonnent

Les mer om dette temaet

  1. – Sololøp fra Iversen

  2. Folkemøte om køer i Åsane

  3. Gjentar invitasjon til ministeren

  4. – Nyborgtunnel i 2010!

Foto: SCC BASIS/STATENS VEGVESEN

Foto: Leif Gullstein

BT anbefaler

Påbud om munnbind bare når man går og står? Her er 12 spørsmål og svar om reglene.

Forvirret av de nye koronareglene? Her svarer kommunen.

LES SAKEN