– Ikkje eit godt tidspunkt å ha vinterferie

Meteorologisk institutt og snøskredvarslinga har nedslåande nyheiter om vinterferien.

Publisert Publisert

LIKNANDE TILSTANDAR: Meteorologen forventar tilstandar som liknar dei som isolerte 50 personar på Haukeli. Foto: Håkon Aarthun

  • Kyrre Fitje

Nokre timar sol kan det kanskje det bli, men meteorologen kan ikkje love det.

Det er allereie sendt ut farevarsel for fokksnø på fjellet og meteorologen ventar gult farevarsel for vindkast i Sogn og Fjordane. I fjellet er det betydeleg snøskredfare.

Slik startar ferien for store delar av gamle Hordaland.

Les også

– Nyt sola om du kan. No bles det opp at.

– Ein må gjerne reise til fjells, men det blir ikkje appelsin i solveggen. Forvent heller innsats for å halde seg tørr og varm, konstaterer vakthavande meteorolog Geir Ottar Fagerlid ved Meteorologisk institutt i Bergen.

Allereie frå fredag trur meteorologen det kan bli stengde vegar og kolonnekøyring.

– Toget kan nok også få problem i desse forholda. Vi ventar likande forhold som dei som gav trøbbel på Haukeliseter, seier Fagerlid.

På Haukeli fjellstue vart om lag 50 gjestar isolerte frå søndag til onsdag grunna store mengder snø og vind.

Ingen slepp unna

Allereie fredag kjem det kraftig pålandsvind frå sørvest, seinare i helga dreier vinden til rett vest.

– Vinden kjem nok til å ta godt i fjordar og dalstrøk. På kysten kjem det intense og korte regnbyer, lenger inne i landet blir dei liggande lenger, seier Fagerlid.

Les også

Togfast på fjellet: – Folk begynner å bli litt utålmodige

Meteorologen er ikkje i tvil.

– Det er ikkje noko godt tidspunkt å ha vinterferie på. Lågtrykka ser ut til å stå i kø gjennom store delar av veka. Det blir derimot litt kaldare etter kvart, så nedbøren kan kome som snø også i låglandet i slutten av veka.

Det er meldt gult farevarsel for snøfokk i fjellet. Meteorologen seier fleire farevarsel kan kome. Foto: Meteorologisk institutt

Men eit lyspunkt kan kome. Søndag kan det bli opp til fleire timar med sol.

– Eg kan ikkje love noko. Men søndag ettermiddag kan bli skikkeleg fin. Det er dagen om du har lyst å gå kome deg ut på tur. Men du bør halde deg unna bratte terreng. Snøskredfaren gir seg ikkje, seier meteorolog Fagerlid.

Det er på laurdag meldt raudt farenivå for snøskred på Voss og i Hardanger.

Hald deg unna skredterreng

– Store, kanskje også veldig store skred, kan losne av seg sjølv i helga, seier snøskredvarslar Tommy Skårholen hjå Varsom.no

Les også

Trafikken direkte

Han fortel at om ein har lyst på fjelltur på Vestlandet, må ein halde seg unna dette:

  • Terreng over 30 grader.
  • Terreng nær mogelege snøskredområde
  • Terreng som er nær dalsider der snøskred kan kome ned.
  • Halde deg unna mogelege utløpsplassar for skred.

– Snøskreda kan gjerne byrje som flakskred øvst, men dra med seg våt og tung snø lenger nede. Då blir skreda tunge, åtvarar Skårholen og viser til snøskredet i Gudvangen som døme.

STOR FARE: Skredvarslinga forventar at store skred kan losne av seg sjølv. Foto: Varsom.no

– Utsett turen

Og sikta blir heller ikkje allverdas.

– Når vêret står på som verst er det nok ikkje mange meterane du ser. Vinden og nedbøren gjer nok sikta svært dårleg, navigering blir utfordrande, seier Skårholen.

Han seier du skal vere heilt sikker på terrenget før du legg ut på tur.

– Vegar og infrastruktur er nok også utsett. Om du skal ut å køyre på skredutsette vegar, ville eg utsette turen til det roer seg litt. Dei mest utsette områda blir nok stengd, seier Skårholen.

Publisert

Les mer om dette temaet

  1. Her er dagens største saker

  2. Fikk du med deg dette i dag?

  3. – Vi har hatt snøhole-disko, sauna og brettspel

  4. Her sikrar dei europa­vegen med eit smell

BT anbefaler

– Eg er skuffa over det eg såg i parken

Helsebyråd Beate Husa seier ho er uroa etter å ha sett studentane i Nygårdsparken.

LES SAKEN
  1. Sogn og Fjordane
  2. Fjell
  3. Vær
  4. Voss
  5. Hardanger