– Det gjekk rykte om ei jordmor som utførte ulovlege abortar i Bergen

På 60-talet tok fleire tusen norske kvinner illegale abortar kvart år, men så kom abortlova. No vil KrF og Erna Solberg endre den – kva vil dei forhandle om?

40 år etter abortlova blei vedteken, går det igjen demonstrasjonstog gjennom norske byar.

Årsaka er loven er lagt på forhandlingsbordet av statsminister Erna Solberg og KrF.

Det er politisk sprengstoff, og har vore der i mange tiår.

TEK IKKJE SLUTT: I fleire tiår har abortspørsmålet vore politisk sprengstoff. BERGENS TIDENDE

Denne veka handlar BT20 om korleis det var før kvinner fekk bestemme sjølv og måtte bryte lova for å få ein abort.

– Fleire eg har snakka med fortel at det gjekk rykte om ei jordmor som utførte ulovlege abortar. Ho skal ha samarbeidd med ein bensinstasjonseigar i nabolaget, som tok imot betaling og peikte ut huset hennar. Andre kvinner reiste til utlandet, fortel journalist Kjersti Mjør.

Les også

Som 22-åring ville ho ta abort. Legane sa nei. Helga måtte reise langt for å få bestemme sjølv.

Det er 40 år sidan dagens abortlov blei vedteken, men no meiner KrF at det er på tide å endre den. Kva står kampen om i dag?

Abonner på podkast-serien via iTunes, på Soundcloud eller søk den opp i din podkast-app.

Gjester i podkasten denne veka er journalist Kjersti Mjør og kommentator Eirin Eikefjord.