Jannica Luoto (arkiv) Ingen registrert smitte på kaféar, transport eller teater. Sjå kor bergensarar blei smitta den siste månaden.
Jan M. Lillebø (arkiv) Heime: 319
Dei aller fleste blir smitta heime hos seg sjølv.
– Det er stor fare for å bli smitta når ein bur tett saman, seier smittevernoverlege Karina Koller Løland i Bergen kommune.
Talet inkluderer også dei som blei smitta i kollektiv.
Heimefestar: 82
Dei siste fire vekene har 82 personar blitt smitta på fest, vorspiel eller nachspiel.
Dei fleste av dei er fordelt på om lag fem utbrot, altså at minst to er smitta på same plass samstundes.
Importsmitte frå utlandet: 80
At folk reiser til Norge frå utlandet, er skuld i 80 smittetilfelle.
Skular og barnehagar: Minst 66
Det er registrert 13 avgrensa utbrot ved skular.
Ved åtte av utbrota har fleire enn fem blitt smitta.
– Det er få haldepunkt for å seie at smitten oppstår og spreier seg veldig på skular og arbeidsplassar. Dei aller fleste elevane er smitta i eigen husstand og har tatt med smitten på skulen, seier Løland.
I barnehagar har det vore to utbrot, der færre enn fem personar er smitta.
Totalt har minst 66 barn blitt smitta ved skular og barnehagar den siste månaden.
Private arrangement: 43
Familiemiddagar utanfor heimen, har stått for 27 smittetilfelle.
Også i bryllaup har 16 personar blitt smitta.
Sjukehus og sjukeheimar: 43
På sjukehus har 13 personar blitt smitta.
Ved sjukeheimar har det vore minst fire utbrot, der totalt 32 personar blei smitta.
Utestadar: 40
40 personar har opplyst til kommunen at dei blei smitta på bar. Mange av smittetilfella er knytt til eitt utbrot.
– Elles er det spreidde smittetilfelle der det ikkje har vore definert utbrot på sjølve utestaden, seier smittevernoverlegen.
Korøving: 34
Sidan midten av oktober har 34 personar blitt smitta på korøving.
Dei fleste tilfella stammar frå utbrotet i Grieghallen.
Arbeidsplassar: 32
Kommunen har registrert 32 smittetilfelle på arbeidsplassar.
I tillegg er det registrert eitt utbrot med 21 smittetilfelle på brakkeriggar.
Religiøse samlingar: 18
Det har vore tre smitteutbrot i religiøse forsamlingshus i Bergen. Totalt 18 personar har blitt smitta som følgje av besøk i kyrkjer, moskéar eller andre religiøse forsamlingshus.
Treningssenter: 17
Det har vore smitte på tre ulike treningssenter. På eitt av sentera har det vore eitt utbrot. 17 personar oppgir at dei er blitt smitta på treningssenter, dei fleste knytt til dette eine utbrotet.
Idrett: 3
Det er rapportert eitt smittetilfelle på trening og idrettsarrangement for born, og to på tilsvarande aktivitet for vaksne.
Frisørsalongar: 3
Tre personar er blitt smitta hos frisør i tilknyting til eitt utbrot. På skjønnheitssalongar er det ikkje registrert smitte.
Butikkar og kjøpesenter: 0
Dei siste fire vekene har ingen personar blitt registrert smitta på butikkar eller kjøpesenter.
Kaféar og restaurantar: 0
Det er ikkje registrert eitt einaste smittetilfelle ved verken kaféar eller restaurantar.
Kulturarenaer: 0
Den siste månaden er det ikkje registrert utbrot på kulturarrangement. Dette inkluderer kino, teater, show og konsert.
– Det er interessant. Det viser at det er trygt å gå på teater, kino og konsert så lenge ein overheld smittevernreglane, seier Løland.
Kollektivtransport: 0
Det er ikkje registrert eit einaste tilfelle på offentleg transport i perioden.
– Det er vanskeleg å seie sikkert at ein har blitt smitta på kollektivtransport då ein ikkje kjenner dei ein er saman med, forklarer Løland.
Det kan også vere at nokre av tilfella der ein ikkje har funne smittevegen, kan ha blitt smitta på buss eller bybane, ifølgje smittevernoverlegen.
Dette viser tala
BT har fått denne oversikta frå Bergen kommune.
Tala gjeld perioden 15. oktober til 16. november.
Dei ulike kategoriane i denne artikkelen omfattar om lag 780 smittetilfelle.
Totalt er det registrert 1764 smittetilfelle i Bergen i denne perioden. Denne oversikta er difor ikkje komplett.
– Resten er ikkje kategorisert. Ein stor andel oppgir berre at dei er smitta av ein dei kjenner, men utanfor husstanden. Ein liten andel har ukjent smitteveg, seier Løland.
Mest lest akkurat nå
Her får du mest for kronene nå – og disse stedene bør du unngå
– Dette høyrer ikkje heime i matboksen
Bilfører fratatt lappen etter dette. MC-fører ble sendt til sykehus.
Dette synet møtte turgåerne etter raset. Flere rein kan ligge under snøen.
Flere bruktbutikker har dukket opp i Bergen. Her er tre av dem.
Kvinner i kø for livmorhalsprøve. Nå tar det tre måneder å få svar.