Sløkte lyngbrannen med drikkeflasker og joggesko

Seks bilistar sløkte onsdag ettermiddag ein lyngbrann ved hjelp av drikkeflasker på Sandvikseidet, mellom Selje og Stad i Sogn og Fjordane.

Publisert:

Fjordenes Tidende omtalte først saken.

Jon Frogner var på veg frå Stad til Selje over Sandvikseidet da eit lyn flerra nedover himmelen.

– Eg såg eit glimt, så tok det til å ryke frå ein åskam kring 200 meter frå vegen.

Det byrja etter kvart å ryke kraftig frå nedslagsstaden,

– Som om nokon hadde fyrt opp eit bål.

Etter å ha ringt brannvesenet gjekk han og fem andre bilistar til aksjon.

– Vi tok med oss drikkeflasker og la på sprang. På nedslagsstaden var det som om ein lighter hadde eksplodert i terrenget.

SOM EIT BÅL: Lynet trefte åskammen 200 meter frå vegen. Foto: Jon Frogner

Dei trampa og spruta til brannen gav tapt. Heldigvis var det lite vind på staden, noko sjeldan, på det vêrutsette Stadlandet.

– Alt som låg att var ein kvadratmeter stor sotflekk. Torva er tørr i djupna, men småfuktig på toppen, som følgje av regnskuren som følgde med torevêret.

Torva på det tidlegare trelause Stadlandet blei i gamle dagar brukt til oppfyring, fortel Frogner.

– Det var flaks at nedslaget var synlig frå vegen, flaks at det regna og flaks at det var nesten vindstille. Det skal så lite til, reflekterer fotografen og surfaren i eit innlegg på Instagram.

TOK BRANNEN FATT: Bilistane tok beina fatt og sløkte brannen. Foto: Jon Frogner

Like etter sløkkinga var over, kom Selje brannvesen til staden med tre utrykkingsbilar.

– Eg blei litt betenkt etter at brannen var sløkt. Det kunne jo ha kome fleire lynnedslag. Men innsatsleiaren forsikra oss om at det vi gjorde var riktig, og rosa oss for innsatsen, seier Frogner.

FEKK SKRYT: – Brannvesenet gav bilistane honnør for innsatsen. Foto: Jon Frogner

Publisert: