Fleire politifolk til legevakt etter dei skal ha blitt slått etter og bitne

Ein mann skal ha hissa seg kraftig opp då politiet skulle få kontroll på han.

Publisert Publisert
  • Ingvild Nave

Tysdag ettermiddag rykka politiet ut til Klostergarasjen i Bergen.

Årsaka var at ein mann melde i frå om at han hadde blitt slått til. Gjerningsmannen og offeret skal han kjent til kvarandre frå før.

– I det politiet tok avhøyr av den fornærma, såg dei den mistenkte gå forbi. Når patruljen då skal ta kontroll på han, set han seg kraftig til motverje, fortel jourhavande jurist i Vest politidistrikt, Ole Vallestad Emmerhoff.

Mannen skal mellom anna ha slått etter og bite politibetjentane.

Ifølgje ein BT-tipsar rykka minst fire utrykkingskøyretøy ut til staden.

Sett i varetekt

Fleire av betjentane blei sendt til sjekk på legevakta etter hendinga, stadfester Emmerhoff.

Han har ikkje full oversikt over skadeomfanget, men ingen av betjentane skal ha fått større skader.

Den mistenkte mannen blei tatt med til politistasjonen.

– Det var motverje i ein slik grad at ein vurderte det som forholdsmessig unødvendig, og tok han inn i arresten, fortel Emmerhoff.

Publisert
Takk for at du leser BTIkke gå glipp av alle nyheter fra Vestlandets største avis.
Bli abonnent

Sakene flest leser nå

  1. 60 evakuert, fem skadet: – Åpne flammer og store mengder røyk

  2. Bilbergeren: – Bileieren sier sjåførens kone må selge privat­bilen for å betale regningen

  3. Her var det vanskeligst og lettest å komme inn

  4. – Hvis dere ønsker å svartmale, synes jeg det er veldig rart

  5. – Tror det flyter som normalt nå

  6. Her står køen langt nedover gaten: – Vi trenger at folk tar ansvar

  1. Vest politidistrikt
  2. Krim