Difor får vi to stormfloer på tre veker

– Vi som forskar på dette, synest dette er spennande å følgje med på. Men vi har all grunn til å vere uroa, seier klimaforskar Eirik Kolstad.

Publisert Publisert

NOKO Å BLI VANDE TIL: Ifølgje forskarane på Norce-instituttet kjem flod som den vi ser i dag til å bli vanlegare og vanlegare. Foto: Paul S. Amundsen

  1. Leserne mener

Kraftig lågtrykk, spesielle vindforhold og måne og sol på linje. Det er variablane som no fell saman og gir oss stormflo på kysten.

– Sjå for deg at du bles i vatnet i eit vassglas, då blir vatnet pressa opp mot den andre sida av glaset. Det er akkurat det som skjer ute i havet no.

Det seier klimaforskar Erik Kolstad på Norce-instituttet i Bergen.

– I tillegg til vinden vi har no, har vi eit heilt spesielt lågtrykk. Det gjer at det ikkje er noko som presser vatnet nedover. Då reiser det seg høgare enn det vanlegvis gjer.

Den siste variabelen forklarar Kolstad sin kollega, Kristin Richter.

– Den astronomiske situasjonen vi har no, skjer ein gong i månaden. Då står sola og månen på same linje i forhold til oss, og tyngdekrafta deira påverkar vatnet i havet.

GLIM AV FRAMTIDA: Kristin Richter i Norce seier det vi ser no er eit glimt av framtida. Foto: Gunn Janne Myrseth, NORCE

To lågtrykk i Nordsjøen

Statsmeteorolog Mette Skjerdal frå Meteorologisk institutt forklarar det slik:

– Eit lågtrykk fungerer som eit lodd. Lågt lågtrykk inneber at det er lite som presser på havet. I Nordland ligg det no eit lågtrykk på 945 hektopascal (hpa). På Island har vi eit anna på 950 hektopascal. For kvar hektopascal trykket går ned, forventar vi om lag ein cm høgare vasstand, grovt sett.

Eit vanleg lågtrykk ligg på rundt 1000 hektopascal. Det inneber at vi no har 50 cm forskjell frå normalen.

Lågtrykka er berre ein av tre faktorar.

Vind mot klokka

Skjerdal forklarar vidare:

– Rundt eit lågtrykk går det vind, den går alltid mot klokka. Sidan lågtrykka vi har no ligg nord for oss, kjem vinden som vestavind og presser vatnet inn mot land.

Desse to variablane, saman med ein springflo som kjem av at månen og sola drar på jorda, gjer at vi no ser ein mogeleg florekord natt til tysdag. Springflod har vi ein gong kvar månad, under fullmåne og nymåne. Springfloda varar i omtrent to dagar kvar månad.

Stormflod skjer når pålandsvind sørgjer for at vatnet i havet samlar seg langs kysten, medan springflo skjer når vi har jord, måne og sol på linje.

No får vi begge desse samtidig.

UROA: Klimaforskar Eirik Kolstad seier det er all grunn til å vere uroa for fleire florekordar i framtida. Foto: Andreas R. Graven

Om ein ser på rekordfloene, ser ein at alle rekordar kjem i perioden november-februar. Richter forklarar kvifor.

– Det er rett og slett fleire lågtrykk hjå oss i vinterhalvåret, og meir vind. Då er det større potensial for høg flod i desse månadane.

At det skjer med to vekers mellomrom, er derimot meir tilfeldig.

– Vi har hatt ein våt og stormfull januar. Det har nok mykje med det å gjere. Lågtrykka har nærmast stått kø inn mot land.

– Kjem oftare og oftare i åra som kjem

Ifølgje forskarane på Norce-instituttet, er dette noko vi må tilpasse oss i åra som kjem.

– Vi må nok lære oss å tilpasse oss til dette. I framtida treng vi nok ikkje så spesielle forhold for å få ein slik flaum. Dette er eit glimt av framtida, seier Kristin Richter.

Kolstad forklarar kvifor.

– Med den globale oppvarminga, er det ikkje berre lufta som blir varmare. Havet også, når havet blir varmare, utvidar det seg. På globalt nivå har det utvida seg nokre centimeter dei siste tiåra. Men det vil stige i åra som kjem. Det er mykje usikkert med klimaendringane, men det er vi heilt sikre på, seier Kolstad.

– For dykk som forskar på dette. Er det spennande eller urovekkande?

– Det er spennande, eg skal ned å sjå på havet i kveld, seier Richter.

Kolstad er einig, men er klar på at det ligg ei uro bak.

– Vi som forskar på dette, synest dette er spennande å følgje med på. Men vi har all grunn til å vere uroa.

Publisert