Ukjent kor mykje av bensinen som hamna i sjøen

Oljeflak observert ved Skatestraumstunnelen etter tunnelbrannen førre veke. No vurderer Fylkesmannen miljøtiltak.

- KAN FÅ MILJØKONSEKVENSAR: Det er usikkert om bensinen brann opp, eller hamna i sjøen då eit vogntog med 16.000 liter bensin eksploderte i Skatestraumstunnelen. Paul S. Amundsen

— Me veit ikkje kor mykje av bensinen som brann opp, og kor mykje av bensinen som lak ut i sjøen, seier Eivind Yttri fungerande avdelingsleiar i Statens Vegvesen.

Tysdag er første gong Statens Vegvesen får gå inn i tunnelen der eit tanktilhenger med 16 000 liter bensin hamna i tunnelveggen og eksploderte i den undersjøiske Skatestraumstunnelen i Bremanger kommune.

Ifølgje ein rapport frå Kystverket er det no gjort funn av oljeflak i Skatestraumen.

STORE SKADAR: Øydeleggingane etter eksplosjonen inne i den undersjøiske tunnelen er enorme. Vegvesenet

Fare for forureining— Det er pumper inne i tunnelen som skal leie vatn ut i sjøen, men då bensintanken hamna i tunnellveggen, kan noko av denne bensinen ha hamna i bassenget inne i tunnelen, og deretter blitt pumpa ut i Skatestraumen, seier Yttri.

På grunn av faren for forureining, har Kystverket no delegert saka til Fylkesmannen i Sogn og Fjordane for vidare oppfylging.

Les også:

Les også

Farlige gasser i brannherjet tunnel

— Dersom det er snakk om store mengder bensin som har gått i sjøen, må me gjere undersøkingar for å sjå om det kan få biologiske konsekvensar, seier fylkesmiljøvernsjef Nils Erling Yndesdal hjå Fylkesmannen i Sogn og Fjordane.

- Pumpar opp bensin med lenser

Ifølgje Yndesdal er Fylkesmannen i dialog med Statens Vegvesen for å finne ut kor mykje bensin som brann opp, og kor mykje som hamna i tunnellbassenget og lak i sjøen. Vidare har Fylkesmannen bedt Statens Vegvesen om status for kva som vert samla opp av væske når tunnelen seinare vert spylt.

— Det er for tidleg å seie noko om kva tiltak det eventuelt blir snakk om. Mest truleg er det ikkje snakk om store mengder bensin i sjøen.

Som ein konsekvens av funn av oljeflak i sjøen, har tunnelpumpene vore stansa på grunn av fare for at enno meir bensin kan hamne i sjøen.

Les også:

Les også

Vil fjerne utbrent tankbilhenger

Etter at vegvesenet gjennomførte undersøkingar tysdag er pumpene starta igjen.

— Me har bestilt lenser for å fange opp eventuell bensin som skal hamne i vatnet. Det kan jo kome meir bensin i pumpene då me skal spyle tunnelen, seier Yttri.