Høie grip ikkje inn på KK

Helseministeren finn det ikkje nødvendig å gripe inn for å hindre helgestengte fødestover ved KK.

Publisert Publisert

TRUR PÅ LØYSING: Helseminister Bent Høie (H) meiner det er "etablert en god prosess" for å finne ei løysing på situasjonen ved Kvinneklinikken på Haukeland. (ARKIVFOTO).

iconDenne artikkelen er over fire år gammel

Det går fram av eit svar frå statsråd Bent Høie (H) til stortingsrepresentant Kjersti Toppe (Sp).

Toppe tok i sitt spørsmål utgangspunkt i eit oppslag i BT 21. september, der jordmødre åtvara mot å føde på KK i helgene, på grunn av dårleg bemanning og stengde fødestover.

Svaret frå Høie, som først vart omtalt av NRK, støttar seg på ei attendemelding han har fått frå Helse Vest.

«Etablert god prosess»

Dei meiner det ikkje er uforsvarleg av KK å stengje enkeltstover «i dei tilfella dei ser det er nødvendig» for å konsentrere bemanninga. Helse Vest skriv at kvalitetskrava til fødeklinikkar er ivaretatt, og at bemanninga er om lag som på andre samanliknbare klinikkar. Dei viser også til at dialogen med tillitsvalde og verneombod er god.

«Basert på denne tilbakemeldingen er det min vurdering at det er synes å være etablert en god prosess for å finne løsninger på situasjonen», skriv statsråd Høie.

Som anna behandling

Heller ikkje når det kjem til finansieringsordninga kan Høie love endringar. KK ligg an til 9,6 mill. kroner i underskot i år, blant anna fordi dei har hatt færre fødslar med komplikasjonar. Denne medisinske utviklinga er eit uttalt mål, men fører også til at overføringane blir redusert.

Her viser til Høie til Helsedirektoratet, som opplyser at «fødselsomsorgen finansieres i likhet med all annen somatisk behandling gjennom basisbevilgningen og innsatsstyrt finansiering».Høie nøyer seg med å oppmode fagmiljøa og helseforetaka om å «melde inn behov for endringer i den innsatsstyrte finansieringen for fødselsomsorgen til Helsedirektoratet».

Publisert