Gjorde sjukdommen om til boksuksess

Då Cecilie Hauge Ågotnes blei kronisk sjuk, måtte ho selje butikken. Men så gjorde ho sjukdommen om til sitt nye levebrød.

Publisert:

SUKSESS: Cecilie Hauge Ågotnes måtte slutte å ta inn nye kundar, ettersom neglesalongen hennar hadde fullbooka venteliste. Så sa kroppen stopp. Foto: Eli Ohren

Elise Løvereide

Då Cecilie Hauge Ågotnes opna neglesalong i 1997, blei den raskt populær. Salongen hadde fleire agentur, og måtte slutte å ta inn kundar ettersom ventelista var sprengt.

— Eg hadde det eigentleg veldig greitt, også økonomisk, seier ho.

Men i 2010 sa det stopp.

— Eg hadde jo vondt i nakken, men så blei det vondare enn normalt, både i handledda og skuldra. Eg kunne miste ting på golvet heile tida, fortel Hauge Ågotnes.

Les også:

Les også

- Et salig styr å spise skikkelig

Kroppen sa stopp

Etter to månadar fekk ho påvist den sjeldne diagnosen Ehlers-Danlos— syndrom, ein kronisk og arveleg sjukdom i bindevevet.

— Sjølv om eg blei fødd med sjukdommen, meinte legen min at den blei utløyst av jobben. Eg hadde pressa meg sjølv så hardt at kroppen sa stopp. Då kunne eg ikkje lenger halde fram med negler, seier ho.

Etter eit halvt år, hadde ho ingen salong og ingen jobb.

— Eg kunne ikkje kle på meg sjølv, og blei sliten av å gå opp trappene. Det var ganske tøft å gå frå ti timar jobbing dagleg, reise over heile verda og lage avtale med store selskap, til å vere ingenting. Korleis kjensla er når folk ser på deg som sjuk, er ikkje god, seier ho, som etter kvart blei hundre prosent ufør.

Les også:

Les også

En milliard i magelegemidlar

Fekk irritabel tarm

Etter ei stund fekk Hauge Ågotnes også meir smerter i magen. Då las ho på nettet om låg FODMAP-dietten, som ho bestemte seg for å prøve.

— Eg har aldri vore noka diett-dame, og eigentleg tenkt at det berre er ei tvangstrøye. Men så ville eg prøve han, før eg grov meg ned i hagen.

Etter tre månadar blei ho raskt betre.

— Eg kunne gå ut døra, utan å måtte ha toalett i nærleiken. Når ein får irritabel tarm (IBS), finst det ikkje nokre kliniske funn. Den er kjenneteikna av fordøyelsesplager som diare, luft og forstopping. Eg trur over 10 prosent av befolkninga har IBS, seier Hauge Ågotnes.

Professor: – Lite hjelp for IBS-pasientar

Trygve Hausken er tilsett som ernæringsprofessor ved Haukeland universitetssjukehus. Han meiner at mange med IBS er fortvila over ineffektiv behandling.

— Irritabel tarm er hyppig, men veldig få får hjelp for desse plagene. Kun 70–80 prosent går til lege, og det finst lite behandling for IBS, seier Hausken.

Han estimerer at låg FODMAP- dietten kan hjelpe så mange som 60–70 prosent av pasientane.

— Det vanlegaste rådet vi gjev til pasientar er låg FODMAP-dietten. Ein følgjer då dietten strengt, for så å reintrodusere mat slik at ein kan finne ut kva som er best for den enkelte å ete.

Hausken trur at mange vil prøve diverse diettar som ikkje er vitskapeleg akseptert som behandling, og som kostar mykje pengar.

— Pasientane trur ofte at legen har oversett noko, og dei kan kome til gjentatte skopier som også er normale. Samla kostar det mykje for pasientane, og utgjer store utgifter for samfunnet, både ved sjukmeldingar, fråvær frå studiar og mykje uføretrygd, seier han.

Skriv kokebøker

I 2014 byrja Hauge Ågotnes å blogge om låg FODMAP-dietten og dele ulike matoppskriftar. Så blei ho kontakta av ei som lurte på kvifor ho ikkje skreiv kokebok.

— Først tenkte eg at det var uaktuelt. Men etter nokre rundar med fotograf Christin Eide, sende vi inn eit forslag til Aschehoug forlag. Og vips, så ville dei trykkje den.

DELVIS UFØR: - Eg blei sliten av å gå sju meter. Ein gong eg var på flyplassen, måtte nokon få tak i rullestol til meg, seier Cecilie Hauge Ågotnes. No klarer ho å skrive bøker og halde foredrag ved å porsjonere energien over lengre tid. Foto: Elin Ohren

Boka hennar «Låg FODMAP – god mat for sensitive magar» kom på bestseljarlista etter tre veker, og er no oppe i fjerde opplag.

— Eg likte alltid å reise, lage mat og å skrive. Vi fekk god tid på å ta pausar under produksjonen, så eg klarte å porsjonere energien min, fortel bergensaren, som no også har skrive om låg FODMAP-dietten på reise, og snart kjem med ei dessertbok.

Les også:

Les også

Irritabel tarm – ikkje kjønnsorgan

Endra livet

Sjølv om ho framleis har ein del smerter, vil ho poengtere at ein også kan ha gode dagar.

— Folk trur at som sjuk sit ein berre heime, men uføre må jo også ha eit godt liv. Det er ikkje noko i vegen med hovudet mitt. Gjennom at eg kunne skrive desse bøkene, kunne eg hjelpe andre i liknande situasjon. Ein har rett på eit godt liv sjølv om ein er sjuk. Det handlar om å meistre kvardagen, seier ho.

No held Hauge Ågotnes foredrag for både pasientforeiningar og næringslivet.

— Eg har ein jobb som eg kan meistre. No skal eg også hjelpe Scandic Hotel med å vidareutvikle deira allergi-buffé. Men alle uføre kan ikkje bli forfattarar, og mange vil ikkje tilsette uføretrygda menneske.

— Saknar du salongen?

— Nei, eg er ferdig med den. Eg trivst med det eg gjer no. Det er inspirerande for folk å sjå at det er mogeleg å gjere ting sjølv om ein er sjuk, seier ho.

Les også:

Publisert: