Verdas største tunglasteskip ruvar no i Kvinnherad

Det er nesten tre fotballbaner langt, og meir enn ti meter breiare enn speleflata på Brann Stadion. Laurdag kom verdas største tungtransportskip, «Dockwise Vanguard», til Høylandsbygd i Kvinnherad.

KOLOSS: To månader har verdas største tunglasteskip, «Dockwise Vanguard», brukt på turen frå Sør-Korea til Kvinnherad. No ligg skipet i Høylandssundet på austsida av Halsnøy. Jonas Sætre, Stord24

Sjølv i mektig vestlandsnatur ruvar det gigantiske skipet, som slett ikkje ser ut som noko skip. Det liknar meir på ein enorm tørrdokk med høge boligblokker på. Det kan forresten også gjera teneste som nettopp det, ein tørrdokk.

Plattform-understell om bord

I løpet av dei seinaste to månadane har «Dockwise Vanguard» kryssa fleire hav på si ferd frå Sør-Korea til Noreg. Med seg om bord har det understellet til Aasta Hansteen-plattforma som no skal lossast og fraktast vidare til Digernessundet, der det vil bli ferdigstilt av Kværner Stord. Om nokre månader kjem plattformdekket etter for å bli samanstilt med understellet.

Understellet er 200 meter høgt og veg 46.000 tonn. For «Dockwise Vanguard» er det å rekna som lett. Skipet er 275 meter langt, 79 meter breitt og har ein lastekapasitet på 117.000 tonn. Det kunne såleis ha frakta to understell og endå hatt plass til meir.

No er ikkje plattformunderstellet lite, det heller. Det er verdas største plattform i sitt slag vi snakkar om. Diameteren på understellet er 50 meter. Så stort og kraftig må det vera for å tola vêrtilhøva i Norskehavet.

ENORME DIMENSJONAR: 275 meter langt og nesten 80 meter breitt. «Dockwise Vanguard» ruvar på fjorden i Kvinnherad. Tomas Bruvik, Kvinnheringen

Vurderer å byggja større

«Dockwise Vanguard» er bygd av Hyundai Heavy Industries i Pusan i Sør Korea. Det var ferdig i 2012 og vart levert til eigaren, hollandske Dockwise Shipping BV, i byrjinga av 2013. Sjølv om det er verdas største skip av sin type, vurderer eigarane å tinga eit nytt og endå større skip. Det er venta at det i åra som kjem, vil bli bygd stadig fleire og større lagrings- og produksjonseiningar for olje og gass, og at det dermed vil vera etterspurnad etter fartøy som kan frakta desse frå verft til felt.

«Dockwise Vanguard» er eit halvt nedsenkbart skip. Med fulle ballasttankar ligg dekket på skipet 16 meter under havoverflata, og slik kan det ta om bord og frakta store flytande einingar. Skipet veg sjølv 91.000 tonn og kosta 240 millionar dollar (meir enn to milliardar kroner) å byggja. Det har eit mannskap på 40.

I slutten av februar i fjor var det også på tur til Noreg og Vestlandet. Den gongen var det Ølen som hadde besøk av kjempa.

Skipet som i desse dagar ligg i ein fjord i Kvinnherad, er ikkje konstruert for fart. Utan last har det ein toppfart på 14 knop. Med last blir farten redusert til mellom 11 og 13 knop.

NÆRKONTAKT: Menneske blir små om bord på Dockwise Vanguard. Den gule sylinderen skal no flytast av frakteskipet, setjast på høgkant og bli til understellet på Aasta Hansteen-plattforma. Jonas Sætre, Stord24

Terje Søviknes let seg begeistra

Det er kanskje ikkje nett ei storhending når verdas største tunglasteskip manøvrerer seg på plass i Høylandssundet, nokre kilometer sør for Valen og beint utanfor Høylandsbygd på Halsnøy.

– Folk er sjølvsagt interesserte og kastar nyfikne blikk ut over fjorden. Men dei går ikkje nett mann av huse, fortel Tomas Bruvik, redaktør og dagleg leiar i lokalavisa Kvinnheringen.

Men for sjølvaste olje- og energiministeren, Terje Søviknes, var det ikkje noko anna enn ei storhending då han svinga innom Stord og Halsnøy og fekk tatt både den kolossale båten og den kolossale lasta nærare i augnesyn søndag.

– Heilt fantastisk! Dette var eit mektig syn, seier Søviknes på telefon til BT. Han snakkar då først og fremst om plattformunderstellet som skal bli ein komplett plattform. Mot slutten av 2018 skal han vera produksjonsklar 300 kilometer ute i Norskehavet.

– På sjø får du ikkje heilt inntrykk av dimensjonane, men det var spesielt å sjå kor mikroskopisk små folka om bord blir samanlikna med desse konstruksjonane, seier Søviknes.

SETTE SJØBEIN: Olje- og energiminister Terje Søviknes er van med å vera på fjorden, men sjeldan har han møtt så store flytande konstruksjonar som dei han møtte i Høylandssundet søndag. Jonas Sætre, Stord24

– Ingeniørkunst av ypparste merkje

Olje- og energiministeren let seg lett begeistra av det han fekk sjå i Høylandssundet, og ikkje minst gler han seg over all aktiviteten og ingeniørkunsten som ligg bak, men også framfor. Om eit drygt år skal understell og plattformdekk og alt som høyrer til, vera installert og klar til å henta gass opp frå om lag 1300 meters djupn langt ute i Norskehavet. Botninstallasjonane er alt på plass.

Aasta Hansteen-feltet ligg i eit vêrutsett område 300 km til havs nordvest for Sandnessjøen i Nordland, og det krev difor installasjonar som ligg stabilt sjølv i det aller hardaste vêret ein kan tenkja seg. Aasta Hansteen-plattforma er ein såkalla Spar-plattform (vertikalt sylindrisk skrog forankra til havbotnen). Han blir den første i sitt slag på norsk sokkel og altså den største i verda.

– Det har vore nokre utfordringar knytt til havdjupn og det ein kan venta av vêrtilhøve, men dette er ingeniørkunst av aller ypparste merkje, seier Søviknes etter besøket sitt i Sunnhordland og Kvinnherad.

Aasta Hansteen-feltet skal driftast av Statoil frå Harstad, men gassen skal førast i rør 482 kilometer til Nyhamna i Møre og Romsdal. Feltet skal etter planen setjast i drift i siste kvartal i 2018. Dei utvinnbare ressursane er berekna til 47 milliardar standard kubikkmeter med gass.