Nybyggjarane frå Nederland

Spesielt alternative er dei i grunnen ikkje. Det er inga politisk eller religiøs overtyding som driv dei. Dei er berre så luta leie av å leva som sild i tønne i Nederland. Difor flyttar dei til utkantbygdene i Flora og Bremanger.