Førarkortlaus mopedist stoppa med promille

Ein mann i 50-åra vart tysdag kveld stoppa av politiet i Lærdal. Det var ikkje tvil om at han var påverka, men førarkortet kunne politiet ikkje ta frå han. Det har han nemleg ikkje.