Bur du her, bør du koke vatnet

Sundag blei det sendt ut E. coli-varsel i Bergen sentrum. Rundt 1600 abonnentar risikerer å måtte koke vatnet i opptil ei veke.

Publisert:

KOKEANBEFALING: Vaktsentralen i Bergen kommune sende sundag kveld ut eit kart over abonnentane som blir anbefalt å koke vatnet. Desse bur i dei turkise områda på Nygårdshøyden i sentrum. Foto: Vaktsentralen Bergen kommune

I helga var det nok eit vatnbrot i Møllendalsveien, like ved Kronstad i Bergen sentrum.

Det er sannsynlegvis årsaka til at avfallsvatn har sige inn i vassrøyra, og ført til E. coli-varsel på Nygårdshøyden i Bergen sentrum.

– Leidningsbrotet i Møllendalsveien har ført til undertrykk i nettet. Vassrøyra i Bergen er gamle, og ikkje heilt tette. Dei ligg ofte side om side med røyr for avfallsvatn, seier Asle Aasen, som er seksjonsleiar for vassproduksjon i Bergen kommune .

Les også

Nytt vannledningsbrudd i Møllendalsveien

Høgder er utsett

Vatnbrotet førte til at E.coli-bakteriar hamna i drikkevatnet.

Kring 1600 abonnentar blei sundag morgon bedne av Bergen kommune om å koke vatnet. I lengste fall må dei gjere det ut veka.

Undertrykket etter leidningsbrotet i Møllendalsveien kan ha ført til at drikkevatnet er forureina på fleire stader enn berre Nygårdshøyden.

– Vi trur ikkje det er fleire område som er råka. Det veit vi sikkert i morgon ettermiddag. Da får vi inn dei siste prøvane, seier Aasen.

Bebuarar i desse områda blir bedne om å koke drikkevatnet. (Kartsonene er omtrentlege og teikna ut basert på kommunens kart øvst i artikkelen.)

Ved undertrykk byrjar vassrøyra å suge. Om det da har lekt ut avfallsvatn i nærleiken, hamnar det i drikkevatnet.

– Årsaka til at det skjer på Nygårdshøyden er at høgtliggjande område mistar trykket først, seier Aasen.

SKAPAR UNDERTRYKK: Brotet på vassleidningsnettet i Møllendalsveien er truleg årsaka til E.coli-funnet. Foto: Ørjan Deisz

Brunt vatn frå krana

Etter at Bergen kommune gjekk ut med varselet, har mange tatt kontakt med vaktsentralen.

Folk ringjer inn og er bekymra for E. coli-smitte, fortel Aasen. Fleire har meldt om brunt vatn frå krana, noko som er vanleg med vatnbrot.

– Dei som bur innanfor varslingsområdet er trygge så lenge dei kokar vatnet sitt, seier Aasen.

Han legg óg til at brunt springvatn ikkje er eit fareteikn. Når det oppstår brot på vassrøyra, snur dei vasstraumen.

– Da losnar det ein del partiklar og vatnet blir tidvis brunfarga. Ein treng da berre å la vatnet renne til det blir klart, seier Aasen.

SMS: Bergen kommune sende ut varsel sundag. Foto: Skjermdump

Har sendt ut tekstmelding

Oppmodinga om å koke vatnet er sendt til abonnentar i Nygårdshøyden via SMS. Vaktsentralen ringjer til ekstra sårbare husstandar.

Folk kan måtte koke springvatnet sitt i alt frå ein til to dagar, og i verste fall ut veka, påpeika Håkon Fasting, driftsleiar i vann- og avløpsetaten.

– Vi kjem til å spyle leidningsnettet og fortsette å ta vassprøvar, seier han.

Når kokeanbefalinga er oppheva, vil folk i området få ei tekstmelding.

Publisert: