Klokka 08.20 torsdag melde Vest politidistrikt om full brann i ein bil på Fanafjellet.

Ulukka skal ha skjedd på Fanafjellsvegen, på bysida, ein kilometer over Fana kyrkje. Alle passasjerane kom seg uskadde frå brannen.

– Det var heftige flammar, mykje røyk og høge smell. Eg vart bekymra for at brannen skulle spreie sidan bilen stod tett opp mot skogen på staden, seier augnevitne, Åslaug Bergsvåg.

Brennande diesel rann nedover i terrenget

110-sentralen i Hordaland fekk melding om brannen klokka 08.15, fortel Helge Lund, vaktkommandør ved 110-sentralen.

– Bilen står i dei svingete bakkane mellom Fana Kirke og toppen av fjellet, seier Lund.

Brannen byrja å spreie seg da diesel frå bilen rann nedover terrenget. Spreiinga vart raskt stoppa.

Sikringsarbeid fører til redusert framkomst på staden

Klokka 08.45 melde 110-sentralen i Hordaland at Bilbrannen var sløkt. Brannvesenet vil halde på med ettersløkking og kjøling ei stund. Lund fortel at det er snakk om ein Passat, og at den må sikrast så den ikkje byrjar å trille nedover.

Arbeidet med å sikre bilen vil føre til redusert framkomst på vegen ei stund, fortel Kjetil Larsen trafikkoperatør ved Vegtrafikksentralen vest.