- Hol i hovudet, Skyss!

Busspassasjer Brit Aksnes synest Skyss er håplaust gamaldags.

Publisert Publisert

- HOL I HOVUDET: "Det er jo ganske innlysande i 2016 at ein må kunna betala med kort", skriv busspassasjer Brit Aksnes til Skyss. Foto: Rune Nielsen

iconDenne artikkelen er over tre år gammel

Bussen som om få minutt skulle køyra frå Norheimsund til Bergen, hadde betalingsterminal. Likevel sa sjåføren «only cash, only cash», og vifta ut den utanlandske turisten som skulle kjøpa billett.

Ein av passasjerane, Brit Aksnes, prøvde å forklara utlendingen at han måtte gå i minibanken, men sjåføren venta ikkje.

Då bussen køyrde, stod den forvirra turisten att på haldeplassen.

LES OGSÅ: — Skyss må være fleksible

- Hol i hovudet

Overalt – på butikken, i pølsebua og lotteriet til idrettslaget – kan du betala med kort i dag. Men på Skyss-bussane utanfor sone Bergen gjeld berre kontantar.

Kvar gong Aksnes tek bussen mellom Hardanger og Bergen, og det er ofte, skjer det same.

— Folk stig på utan kontantar. Dei tek det som sjølvsagt at dei kan betala med kort, slik dei kan overalt elles. Men det får dei ikkje, sjølv om det står ein betalingsterminal på bussen, seier Aksnes.

— Heile situasjonen er hol i hovudet! Skyss brukar store ressursar på å oppfordra folk til å reisa kollektivt, og så får ikkje passasjerar i 2016 ein gong bruka kort. Det seier i grunnen alt.

LES OGSÅ: Glemmer du dette på bussen, kan det koste deg 1500 kroner

Får reisa gratis

At kontant-kravet skapar daglege frustrasjonar på bussen, kan Øystein Ådland stadfesta. Pensjonisten er reservesjåfør for Tide, og køyrer ofte bussen frå Bergen til Hardanger og Voss.

— Så godt som kvar dag kjem passasjerar om bord utan kontantar, fortel Ådland.

— Dersom det er tid, ber eg dei om å gå i minibank først, eller løysa billett på automaten på busstasjonen i Bergen. Men som oftast er det ikkje tid, og det er få minibankar langs ruta. Eg kan ikkje seia at dei må venta til neste buss, for det går ikkje så ofte buss til Hardanger og Voss.

— Kva gjer du då?

— Let dei få sitja på gratis. Slik eg oppfattar Skyss, skal vi handtera slike situasjonar på den måten, seier Ådland.

LES OGSÅ: Dette får du bot for på bussen, og dette kan du klage på

- Ein føler seg litt dum

Her er forklaringa på kvifor du ikkje kan betala med kort, sjølv om bussen har betalingsterminal: Terminalane tilhøyrer Telemark bilruter.

I praksis betyr dette at dersom du til dømes tek Haukeliekspressen frå Bergen til Odda, må du betala kontant, fordi Skyss organiserer denne strekninga.

Tek du derimot same buss med same sjåfør til Røldal, der Telemark bilruter er operatør, er det berre å dra kortet. Det er bussjåførane som må ta jobben med å prøva å forklara dette til passasjerane.

— Ein føler seg jo litt dum, og eg er redd for at mange oppfattar Skyss som gammaldags. Bussen er ein av få stader eg veit om der du ikkje kan betala med kort, seier Ådland.

— Den som tapar pengar på dette, er jo Skyss. Anten ein tenkjer idealistisk eller forretningsmessig på kollektivtrafikk, er det viktig å leggja til rette for at folk kan få betala for seg.

LES OGSÅ: Slakter vedtak om gratis buss

- Molboproblemet

Etter opptrinnet med den stakkars utlendingen som stod att på haldeplassen i Norheimsund, var begeret fullt. Brit Aksnes skreiv eit opprørt brev til Skyss.

«Eg er ikkje interessert i bortforklaringar, kun ein garanti for at de fiksar dette molboproblemet pronto», skreiv ho.

Aksnes har enno ikkje fått svar.

- Meir komplisert

Då BT ber Skyss forklara kvifor passasjerar må bruka kontantar utanfor sone Bergen, svarar sals- og marknadssjef Hanne Alver Krum slik:

— Det er lett å seia seg samd i at dette er gammaldags og lite føremålstenleg. Samtidig er det å installera bankkortterminalar på bussane noko meir komplisert enn ein kanskje skulle tru, skriv ho i ein e-post.

Krum skriv at det er svært dyrt, at vedlikehaldet er krevjande, og at fleirtalet i dag kjøper billettane sine andre stader enn hos bussjåføren. Målet til Skyss er at endå færre skal betala om bord, slik at bussane kjem seg raskast mogeleg fram.

Ifølgje Krum tek kortbetaling lengre tid enn kontantar.

Ber passasjerar vera tolmodige

Skyss skal no evaluera eit prøveprosjekt med bankkortterminalar på éi busslinje. Selskapet, som organiserer mest all kollektivtransport i Hordaland, skal også vurdera betalingsalternativ for busskundar utanfor sone Bergen.

— Inntil vidare må vi diverre be våre kundar om å smøra seg med tolmod, og ha kontantar med seg når dei skal ta buss, eller bruka Skyss-kort med reisepengar på, skriv Krum.

— Kvifor kan ikkje Skyss kopla seg på betalingsterminalane som alt står i bussane?

— Kortterminal berre i utvalde bussar ville gje våre passasjerar ei uføreseieleg billettløysing. Terminalane i dei nemnde bussane tilhøyrer ein annan operatør, og er ikkje integrert med vårt billetteringsutstyr.

Køyrde gratis

At Skyss ikkje kan bruka terminalane som alt står i bussane, kan ikkje Aksnes begripa.

— I 1969 landa mennesket på månen. I 2016 burde Skyss klara å kopla seg til ein betalingsterminal, meiner ho.

Då Aksnes igjen skulle ta bussen frå Norheimsund nyleg, var det ho som ikkje hadde kontantar til billetten. Ikkje fekk ho bruka terminalen på bussen, ikkje kunne ho bruka Skyss-app'en. Den fungerer berre i sone Bergen.

Det enda med at sjåføren let henne reisa gratis.

Publisert