Elendig reinsjakt - men håp i sikte

Årets villreinjakt på Hardangervidda har vore så dårleg at jaktsesongen er utvida til 12. oktober.

TREG START: Hittil er det felt ca. 1400- 1500 reinsdyr på Hardangervidda. Kvoten er på 9000 dyr. Foto: Gunnar Lier, Scanpix

  • Håkon Glatved-prahl
Publisert Publisert
icon
Denne artikkelen er over seks år gammel

— På Vestvidda var det bra med dyr då jakta starta 20. august, men etter berre nokre få dagar drog flokkane austover mot mellom anna Øvre Numedals statsallmenning og Tinn. Sidan har det vore få dyr her vest, opplyser Aslak Myrvang frå Eidfjord. Han er leiar i Hardangervidda villreinutval.

Endra vindretning for rundt ei veke sidan gjer at optimismen likevel er på veg tilbake.

— Nordvestleg vind har ført store flokkar med dyr vestover og inn i Eidfjord dei siste dagane. Så seint som i går vart det observert fleire tusen dyr i Veigdalen i traktene rundt Hedlo turisthytte. Det betyr at utsiktene for jegerar her vest er lysare no.

Jaktfrie soner funker

I fjor vart fleire område på Hardangervidda freda for jakt, til dømes Eidfjord statsallmenning sør for Nordmannslågenvassdraget og Ullensvang statsallmenning nord for Kvennavassdraget.

— Arealet utgjer ein stor frisone og ei form for korridor for reinsdyra mellom aust og vest på Hardangervidda. Røynslene frå i fjor var veldig positive, og det ser ut til at dette kan vera grunnen til at så mange dyr no har komne seg heilskinna vestover til Hordaland, seier Myrvang.

I Veigdalen og i dei andre, private områda vest i Eidfjord skulle forholda no vera gode, meiner han.

Fellingsprosent på 30

Hardangervidda villreinnemnd har i år sett det samla fellingsløyvet til 9000 dyr. I fjor haust var kvoten på 7000 dyr, av desse vart det felt 2067. Det utgjorde ein fellingsprosent på nær 30, som var det beste på fleire år.

Hittil i haust er det felt ca. 1400- 1500 reinsdyr.

Europas største villreinstamme held til på Hardangervidda, som berører dei fire fylka Hordaland, Telemark, Buskerud og Sogn og Fjordane. Av dei ti kommunane som er innlemma i Hardangervidda er Eidfjord, Odda, Ullensvang, Ulvik og Aurland.

Publisert
Takk for at du leser BTIkke gå glipp av alle nyheter fra Vestlandets største avis.
Bli abonnent
BT anbefaler

Flere land i Europa åpner grensene for nordmenn. Dette må du vite.

Med det nye sertifikatet kan man reise mer fritt i land i EU og EØS.

LES SAKEN

Mest lest akkurat nå

  1. Funn av død person i traktor

  2. Dette sier styrelederen om Brann-trenerens fremtid

  3. Ti kategoriar. Femti finalistar. Dette er det beste Bergen har å by på.

  4. Stengte tunneler skapte køer i sentrum

  5. Ikke én hadde på seg Brann-drakt på Fotballpuben. – Fansen har resignert.

  6. Hva er Bergens beste bar? Stem på din favoritt.