Berit Grønnestad tapte kampen for bestevenen sitt liv

Tingretten meiner Quercus må avlivast. Hunden angreip og beit eit lam.

Publisert:

KNEKT HUNDEEIGAR: Quercus kan kome til å angripe igjen, meiner tingretten. Berit Grønnestad føler seg knekt, men vurderer likevel å anke saka.

Berit Grønnestad (64) gjekk til sak mot staten etter politivedtaket om å avlive Quercus. Kvinna frå Sandane tapte saka.

– Eg er berre så sint og lei meg, seier Grønnestad.

Sogn og Fjordane tingrett meiner det ikkje er ein ubetydeleg risiko for at Quercus vil angripe og bite igjen. Difor må hunden bøte med livet.

Berit Grønnestad glei og mista Quercus på ein blåbærtur 19. august i fjor. Ho fann hunden samantulla i eit straumgjerde, ved sidan av eit skadd lam.

Quercus hadde bite lammet i halsen. Husdyret var så hardt råka at det måtte avlivast.

BT fortalde tidleg i oktober historia om Grønnestad og bestevenen.

– Hendinga med lammet var eit uhell, sa ho og tok på seg skulda.

Les også

Les heile historia: No skal ho i retten for å kjempe for hundens liv.

EKSPERT OM QUERCUS: Hundesakkunnige Gry Løberg konkluderer med at Quercus ikkje er aggressiv. Retten fann det ikkje naudsynt å gå inn i hunden sin psyke og påpeikte at han ikkje var testa på korleis han reagerer på sau eller andre dyr. Foto: Privat

– Ingen nytteverdi

– Det kjennest meiningslaust at dei skal ta livet av han. Det er nifst å oppleve dette, seier Grønnestad.

Quercus var den som betydde mest for henne i kvardagen og som fekk henne med på tur.

« … ei avliving av hunden vil ha stor innverknad på hennar psykiske helse og funksjonsnivå,» skriv psykologen hennar.

– Det tok dei ikkje omsyn til, Quercus har visst ikkje nytteverdi, seier Grønnestad.

VURDERER ANKE: Berit Grønnestad vil kjempe vidare, om ho får råd til det. Foto: Eirik Brekke

Vil ikkje gje seg

Ho har ein månad på seg til å anke.

– Eg greier ikkje å gje meg. Det er meg dei i tilfelle bør straffe, seier hundeeigaren.

Grønnestad blei dømt til å betale sakskostnader på 55.274 kroner. Før rettssaka hadde utgiftene hennar til saka kome opp i nær 300.000 kroner.

– Eg får sjå om eg har råd til å kjempe vidare, seier Grønnestad.

Retten har inntrykk av at Grønnestad til ei viss grad bagatelliserer åtferda til hunden, og la og vekt på den utrygge kjensla Quercus har skapt i nærmiljøet.

Grønnestad har sagt seg villig til å flytte frå Sandane med hunden sin, men flytting eller omplassering fjernar ikkje faren for nye angrep, meiner retten.

BT har vore i kontakt med eigaren av lammet.

– Eg kjenner meg ikkje lenger som part i denne saka. Eg vil difor ikkje kommentere noko som helst, seier han.

Publisert: