Desse bergensarane tok ingen sjansar då sola viste seg

I fjor hadde vi dobbelt så mange soltimar på denne tida i juli.

UTFLUKT TIL STRANDEN: Eli Larsen, hunden Teddy og Isabel Haug nyt finvêret. Bård Bøe

I 2018 hadde vi på denne tida 106 soltimar i juli. I år har det vore 58 timar med sol, fordelt på ti dagar, melder meteorologane på Twitter.

Gunnar Fluge Sævig (23) nyt det med beina i vêret. Sol er god business for bergensaren, som jobbar med utleige av bustader.

– Folk kjem oftare på visning når vêret er fint. Dei er og meir medgjerlege når sola skin, seier han.

I fontena like ved har hunden Siggi funne sin oase. Den er drikkeskål og basseng på same tid. Og mogelegvis ei matskål, om han finn noko godt. Ein ven av eigarane passar han medan dei er på jobb.

LUNSJPAUSE: Gunnar Fluge Sævig nyttar lunsjen til å strekke ryggen og sleikje sol. Bård Bøe

BADEBASSENG: Hunden Siggi er varm i pelsen. Fontena i Nygårdsparken er perfekt til avkjøling. Bård Bøe

Les også

Derfor blir bergenserne snytt for sommersolen

Ut så fort som råd

Nedanfor parken, på stranda ved Marineholmen, har fleire småbarnsfamiliar rigga seg til for piknik. Ei dame, som er tidleg ferdig på jobb, nyt ei bok og ein pappkopp med kaffi.

Isabel Haug skal byrje på skule til hausten. I år har ho byferie, katten er sjuk og treng pass.

Saman med bestemor Eli Larsen og mora Janicke Haug nyt dei sola på bystranda.

SJØLIV: Isabel (6) og mora Janicke Haug studerer ein glasmanet ved stranda på Marineholmen. Bård Bøe

Her er det mykje spanande å sjå for seksåringen Isabel. Ein fiskestim har trekt inn i fjæra. Ein glasmanet ho har fanga får plass i bestemor sin pappkopp.

– Då vi såg sola, kom vi oss ut så fort som råd, seier Eli Larsen.

Janicke Haug er letta over at vêrmeldingane endeleg stemmer.

– Eg har fått masse bilete på Snapchat frå venner på ferie. På dagar som denne er det fint med byferie og, seier ho.

VOSS: Rebekka Kronstad Henriksen, Teodor Kronstad Henriksen (4) og Arthur, som blir eitt år om tre veker, nyt sola ved Vangsvatnet på Voss. Her kan det bli opp til 25 varmegrader dei neste dagane, opplyser Martin Granerød ved Meteorologisk institutt. Rune Sævig

Stor «fare» for sol

Vêret ser ut til å halde seg fint fram mot helga i Hordaland og Sogn og Fjordane, ifølgje Martin Granerød, vakthavande meteorolog ved Meteorologisk institutt.

– Med unntak av litt skyer tidleg på dag, seier han.

Nokre stader vil skyene forsvinne på formiddagen, andre stader først på ettermiddagen. Alt ettersom kor tjukt skydekket er. Både torsdag og fredag er det håp om tjue grader og fine sommardagar i begge fylka.

– Temperaturen vil bli noko høgare i indre strøk på Vestlandet. Men her blir det og fare for ettermiddagsbyer, seier Granerød.