Ein nestor i biokjemiundervising er gått bort

Oddvard Garatun-Tjeldstø er død, 84 år gamal.

Publisert: Publisert:

Minneord

Ein nestor i biokjemiundervising ved Universitetet i Bergen er gått bort. Oddvard Garatun-Tjeldstø døyde 6. juli i år ved ein alder av 84 år.

Oddvard har stått sentralt i biokjemiundervisinga sidan Biokjemisk institutt vart oppretta i 1964 ved Det medisinske fakultetet og var tilsett som universitetslektor og amanuensis.

Han hadde ein sentral rolle i undervising av medisinar- og odontologistudentar då det vart mogeleg å ta også den prekliniske delen av desse studia i Bergen.

Frå slutten av sekstitalet har det vore ein kontinuerleg auke i realfagsstudentar som også har inkludert biokjemi i sine fagkretsar.

HUMORISTISK SANS: Oddvard hadde alltid ein god humoristisk sans og han kunne omtala alvorlege administrative utfordringar på ein god og humoristisk måte Foto: Privat

Han hadde spesielt ansvar for undervising i metabolisme (stoffskifte). Fram til han gjekk av med pensjon som 70-åring har dette faget vore i ei stor fagleg utvikling og dette har i stor grad påverka undervisinga.

Først var det same undervising for alle tre studentgruppene, men etter kvart har denne vorte tilpassa dei ulike studia. Undervisinga av realfagsstudentar vart gradvis lagt til Nygårdshøyden og Oddvard var sentral i tilpassing av studiet med dei ulike studentgruppene.

Frå 1997 vart han tilsett ved det nye Molekylærbiologisk institutt ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet ved UiB der han var til han vart pensjonist.
Undervisingsteknisk har det også vore ei stor utvikling frå krit og tavle til avansert datateknologi. Oddvard følgde med i denne utviklinga og kunne støtta oss andre lærarar når nye didaktiske strategiar vart utvikla.

Forskinga han har deltatt i har gjennom åra vore innan fleire ulike fagfelt og dei siste åra var den retta mot framstilling av nye strategiar for å produsera fiskefór, spesielt for fiskelarvar. På forskingsseminar gav han alltid ein imponerande framstilling av den faglege utviklinga på dette området.

Oddvard hadde alltid ein god humoristisk sans og han kunne omtala alvorlege administrative utfordringar på ein god og humoristisk måte med ei bra vinkling ingen kunne bli fornærma for.

Me som har hatt gleda av å arbeida saman med han, vil leva med alle dei gode minna.

Me lyser fred over minnet hans.

For kollegaer i biokjemiske fag ved Universitetet i Bergen
Harald B. Jensen
Torbjørn Dall-Larsen
Dag E. Helland
Johan R. Lillehaug
Arnt Johan Raae

Publisert: