Lang tunnel kortar jobbreisa
Oddingen John-Olav Digranes nyttar den nye Jondalstunnelen til å bli dagpendlar. I dag opnar den ein mil lange vegen gjennom fjellet.

Jondal er ikkje åleine om å jubla når statsminister Jens Stoltenberg i dag klipper snora ved Jondalstunnelen. Også bergensarar og oddingar dreg nytte av den nye innkorta korridoren aust-vest.
John-Olav Digranes (54) frå Odda skal køyre to gongar dagleg gjennom nyetunnelen.
— Vi flyttar til Jondal, og kjem oss på jobb i Odda på halvtimen – tre gonger raskare enn om vi skulle køyrt gamlevegen om Utne, seier Digranes, som er seksjonsleiar for Helse Fonna si ambulanseteneste i Odda og fem nabokommunar.
Med Jondalstunnelen er nok ein bompengeveg på plass i Hardanger, i naboskap med den vel ti år gamle Folgefonntunnelen og ikkje langt unna Haukelivegen og Hardangerbrua som opnar neste sommar.
- Les også BTs leder fredag: Omstridt suksesstunnel
Eitt år før tida
I dag får statsminister Stoltenberg og samferdsleminister Marit Arnstad sjå eit stort vegprosjekt som bortsett frå ei tragisk arbeidsulukke i sluttfasen og bitre feidar om traséval i startfasen har vore ein suksesshistorie så langt.
Tunneldrivinga er ferdig eitt år tidlegare enn rekna med, og er ifølgje vegvesenets prosjektleiar Rolf Harkestad "nokre titals millionar kroner" under budsjett. Det er òg funne pengar til å fjerna det smalaste partiet sør for utløpet i Nordrepollen som først var planlagt med lysregulering.
Staten berre yter seks-sju prosent av midlane til. Hordaland fylke, bilistane, Jondal og omegnskommunane betalar så å seia heile gildet.
50 kroner med rabatt
Med hundre kroner i bomavgift til både Jondalstunnelen og Folgefonntunnelen vil ein tur frå Jondal til Odda i utgangspunktet bli ei kostbar affære. Men Autopass-avtale gir femti prosent rabatt, i tillegg til halv betaling for passering av begge tunnelar innan ein time.
— Femti kroner kvar veg til og frå jobb er til å leva med, seier John-Olav Digranes, som også får kona Åse Rosseland Digranes med i bilen som jobbpendlar til Odda når dei snart flyttar til den ombygde hytta i Jondal.
— Odda har vore ein fantastisk plass å bu. Vi flyttar til Jondal av praktiske årsaker. Der har vi hatt hytte i 20 år, der har vi gode relasjonar, der er vi nærmare familie og kulturtilbod i Bergen, og derfrå kan vi no enkelt pendla til jobben i Odda, seier Digranes.
Ei ny verd
Jondal-ordførar Jon Larsgard (Sp) fortel om fleire jondølar som no er glade for å få ein kjappare veg til jobben i Odda. Køyredistansen blir redusert frå 80 km på ein smal veg langs fjorden om Herand og Utne til under halve avstanden gjennom tunnelane.
— Vi er veldig glade for den nye tunnelen, og for at det har gått så snart å byggja han, seier Larsgard, som no ser Jondal opna seg mot ei ny verd.
— Tunnelen fører oss mykje nærmare Odda og Sunnhordland, og gjer oss til ein del av ein større bu- og arbeidsmarknad. Det er å håpa at det kan gje ei positiv utvikling for kommunen, seier den politiske leiaren for Jondals vel 1100 innbyggjarar.
Alternativ Oslo-Bergen
— Har tunnelen ført til etablering av nye arbeidsplassar?
— Det er ingen konkrete resultat så langt. Men for ein kommune som ikkje har eit sterkt næringsliv, kan det skje ei positiv utvikling når vi no får ei tettare tilknyting mot sør og aust. Vi har etablert eit samarbeid med Odda, Kvinnherad og Etne for å sjå på kva som er råd å satsa på. Ved Torsnes er vi i startfasen med ein reguleringsplan for deponiområdet for tunnelsteinen, som kan gi rundt 40 mål med næringsareal.
Jon Larsgard er spent på kva tunnelen vil føra til av gjennomgangstrafikk.
— Ferja Jondal-Tørvikbygd og tunnelen gir snaraste vegen mellom Bergen og Odda. Eg trur dette blir eit attraktivt alternativ for bergensarar som vil over Haukeli til Oslo.
Jondalstunnelen gir Bergen-Oslo følgjande alternative distansar: 481 km om Hardangervidda, 485 km om Jondal/Odda/Haukeli og 494 km om Hol/Aurland.
Mest lest akkurat nå
Han rykket ut til dødsulykken i Voss. Nå reagerer legen.
– Jeg skjønte ikke helt hva det var, for ingen sa hvor bussene skulle ta oss
«Små føtter setter dype spor», sto det på en siste hilsen. Da Monica mistet sønnen, bestemte hun seg.
Her går Henning (84) Firefjellsturen på krykker: – Ingenting stopper ham
Brann-toget dundret videre i mulig Straus-avskjed: – All honnør til jentene. De er tøffe i hodet.
– Én av fire eldre som legges inn, har denne lite kjente tilstanden
BT anbefaler
Olga fikk beskjed om å flytte fra Bergen mandag morgen. I siste liten kom beskjeden som endret alt. – Jeg er så glad.
Han rykket ut til dødsulykken i Voss. Nå reagerer legen.
Tim Bennett fikk plutselig vondt i foten. Slik kan du bli bedre fra seks vanlige fotplager.
«Brann leverer nok en festforestilling»