– Det er fyrste gongen eg klarar turen. Det vert ein stor siger for meg.

– Foreldra mine henta meg på barneheimen i Colombia då eg var seks år. Eg fekk vita at det var nokon som skulle kome og ta meg med seg. Eg trudde at det berre var for ein liten tur. Ikkje ante eg at me skulle til Osterøy i Noreg. Det vart ei stor lykke for meg. Eg er fødd med ryggmargsbrokk og hadde vanskar med å halda same farten som dei andre under oppveksten. Men i bygda vår Mjøsdal var alle så snille med meg. Aldri vart eg mobba eller halden utanfor veneflokken. No er eg på veg frå sentrum til Fløyen. Det er fyrste gongen eg klarar turen. Det vert ein stor siger for meg.

Publisert Publisert

Du har nå lest dine gratis artikler denne uken. Bli abonnent for å lese videre.