Podkast: Høyr stortalentet Clement (15) grille barne- og familieminister Kjell Ingolf (33)
Eit firkanta regelverk nekta Clement Niyokindi å reise å reise til USA for å utvikle talentet sitt i amerikansk fotball. Det nekta han å finne seg i.
QUARTERBACK: Clement Niyokindi spelar på Åsane Seahawks. Foto: Rune Sævig
Clement Niyokindi er 15 år og truleg Noregs største talent i amerikansk fotball.
No har han fått sjansen til å reise til USA for å utvikle talentet sitt.
Men regelverket kan øydeleggje draumen for Clement, fordi han er under barnevernet sin omsorg.
Tida renner ut kjapt. Niyokindi skal vere i USA om berre nokre månader, og det hastar for han å få vedtaket frå barnevernet.
TIL USA I SOMMAR: Clement Niyokindi har dårleg tid. Han har fått tilbod om å reise til USA for å spele amerikansk fotball, og må takke ja så raskt som mogeleg. Men først må barnevernet gi grønt lys. Foto: Paul S. Amundsen
Derfor jobbar Niyokindi og fostermora hans, Britt Darlington, med å forandre regelverket.
Vi blei einige om å lage ein podkast og forsøkje å få tak i den øvste sjefen for barnevernet i Norge, barne- og familieminister Kjell Ingolf Ropstad, så Clement kunne snakke med han.
Ropstad var raskt ute i media då han høyrde om historia til Clement, og sa han ville gjere det han kunne for å hjelpe han oppfylle draumen om å reise til USA.
Høyr resultatet i vekas episode av BT20.
Abonner på podkast-serien via iTunes, på Spotify eller søk den opp i din app. Du finner den også i vår nye podkast-app BT Lytt, som du kan finne i App Store eller Google Play.
Mest lest akkurat nå
Her har eierne store planer: – Det skal bli det motsatte av Myrkdalen
Treig trafikk på E16: – To bilar med stans i Trengereidtunnelen
Folkehelseinstituttet bommet kraftig på smittetall i julen
Syv nye smittede i Bergen
Et nabolag på nåler
Bir skal samle inn bergensernes matavfall. Disse stedene er først ute.