Togstopp på Bergensbanen

Eit lokaltog på veg til Bergen reiv ned køyreledninga på strekninga Vaksdal - Stanghelle i nitida i tysdag føremiddag. Skadane er så omfattande at strekninga ikkje vert opna før tidlegast onsdag føremiddag.