• VELKOMEN: I arbeidet med Kulturhistorisk Vegbok brukte forfattarane å møtast på Solstrand Hotell. Her er Nils Georg Brekke alltid ein velkomen gjest. Sjølv bur han like i nabolaget, med mykje det same utsynet som frå hotellet. FOTO: Hedvig Idås

Kongeleg anerkjenning til Nils Georg Brekke

For arbeidet sitt har han hausta allmenn jubel og respekt. No får han også H.M. Kongens anerkjenning. Onsdag blir Nils Georg Brekke (80) slått til Ridder av St. Olavs Orden.