– Han var den stillferdige brubyggaren

Magnar Lussand var mest kjent som ein pragmatisk, seig fylkespolitikar som heldt ut lenger enn andre. Men då han i 2001 ville ha fast plass på Stortinget, opplevde han det forsmedelege – og oppsiktsvekkande – å tapa nominasjonen gjennom loddtrekking.