Kan det 20 år lange Søviknes-eventyret vere over?

Søviknes kan måtte overtale nye samarbeidspartnarar om Frp skal behalde makta i Frp-bastionen Os.

UTSTILLINGSVINDAUGE: Siv Jensen og Framstegspartiet valde å starte årets valkamp i Os kommune. Søviknes har vore ordførar i kommunen i heile 20 år.
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over tre år gammel

I 20 år har Terje Søviknes regjert som ordførar på Os med enorm oppslutning, men no kan Frp sitt utstillingsvindauge slå sprekkar.

1. januar går Os og Fusa saman, og blir til Bjørnafjorden.

Saman med Høgre manglar Søviknes eit mandat for å få fleirtal i den nye kommunen, viser BT si siste måling.

Kan det lange Søviknes-eventyret vere over? Eller kan Bjørnafjorden bli ein ny Frp-bastion?

Abonner på podkast-serien via iTunes, på Spotify eller søk den opp i din app. Du finn den også i vår nye podkast-app BT Lytt, som du kan finne i App Store eller Google Play.

Panelet i podkasten denne veka er politisk journalist Gerd Tjeldflåt og kulturredaktør Frode Bjerkestrand, som vaks opp på Os.

Vi vil gjerne høyre kva du meiner! Gi dine tilbakemeldingar på bt.no/lyd.

  • Vi gir deg dei viktigaste sakane frå valkampen - kort fortalt. Meld deg på nyheitsbrevet her!
Publisert: