Kranglar med forsikringsselskap om nakkeskade
Helge Wilmann vart uføretrygda etter ein nakkeskade han meiner å ha fått på eit kurs i 2002. Tryg forsikring meiner derimot at plagene har andre årsaker.
- Elise Løvereide

— Eg har brukt 100.000 kroner frå eiga lomme på dette. No er eg usikker på om eg skal ta det vidare til retten, sidan det kan bli så mykje som 500.000 kroner dersom eg tapar, seier mannen frå Askøy.
I 2002 jobba Wilmann som forpleiingsassistent i Sodexo, eit serviceselskap som sel catering- og forpleiingstenester. Hausten dette året melde han seg frivillig på livbåtførarkurs hjå Falck Nutec i Stavanger.
Les også:
Dykkeren fant to bilvrak. Svaret fra Tryg provoserte ham kraftig.
— Då vi skulle stupe med livbåten ned i vatnet, omkring sju meter ned, var ikkje firepunktsselen stram nok. Så hovudet mitt blei heldt att. Dagen etter vakna eg med veldige smerter i nakken. Eg måtte rulle meg sjølv ut av senga, for eg klarte ikkje å løfte hovudet, fortel Wilmann.
Han meiner han fekk ein nakkesleng som svarar til ein bilpåkøyrsel bakfrå.
— Eit firma rekna ut at ekstensjonsdraget i hovudet var på 3G, tre gonger mi eiga vekt. Berre å rekne ut dette kosta meg 18.000 kroner, seier han fortvilt.
Han lurer òg på kvifor kursleiaren i Falck Nutec ikkje fekk han til legesjekk etter hendinga.
Men smertene forsvann etter kvart, og Wilmann gjekk ikkje til legen før nokre dagar seinare. Sidan han ikkje fekk akuttsmerter, og at han ikkje gjekk ofte nok til lege i etterkant, meiner Tryg forsikring at plagene hans ikkje er ein yrkesskade frå kurset i 2002. Dei vil derfor ikkje betale ut erstatning.
— Deira argument er at det manglar «brusymptom», som vil seie at eg ikkje har vore og klaga nok hjå lege frå hendinga til eg blei sjukmeldt for godt. Men eg har dokumentert skade frå første dag hjå Nutec i Stavanger, seier Askøy-mannen.
Helge Wilmann jobba tidlegare som bilmekanikar. Då fekk han òg skadar i nakken, men dette gjekk over etter legebehandling, seier han.
— Seinskadane eg fekk etter 2002, i midterste nakkesøyle, kjennest heilt annleis ut. Men legen til Tryg tar alle smertene under same kam, seier han oppgitt.
I april fekk han på nytt avslag på utbetalt yrkesskadeforsikring frå Tryg.
Les også:
Legane er usamde
Wilmanns advokat, Roald Helgesen, seier at Wilmann ikkje får aksept frå forsikringsselskapet på at det er ein yrkesskade. Dette trass i at Wilmanns fastlege trur han, samt at ein skadespesialist såg ein mogeleg årsakssamanheng mellom hendinga og nakkeskadane.
— Personskade-saker er veldig vanskelege når legane seier ulike ting, seier Helgesen.
— Vil de no gå rettens veg?
— Det er førebels for tidleg å seie. Wilmann har no brukt veldig mykje pengar på denne saka allereie, seier Helgesen.
Les også:
Dette bør du vite når jobben er i fare
— Livet er totalt forandra
No vil Wilmann gå ut med historia si for å vise korleis han meiner at forsikringsselskapa lagar eigne reglar for å sleppe unna utbetalingar. Sjølv trur han at yrkesskadeerstatninga ligg på mellom to og tre millionar kroner.
— Livet mitt er totalt forandra etter ulykka. Å gå til media er no siste utveg, seier Wilmann.
Han meiner at han blei godt varetatt av sin arbeidsgjevar, men i Sodexo er det ingen som i dag kjenner til saka eller som ønskjer å kommentere ho.
Tryg: Meiner saka er grundig og riktig handsama
Tryg forsikring meiner at det er tvil om vilkåra til personskadeerstatning er oppfylte i Wilmanns tilfelle.
— Ut frå vår handsaming av saka, frå ho vart meld inn til oss i 2007, har vi ikkje funne det sannsynleg at det er ein årsakssamanheng mellom hans plager i dag og hendinga på livbåtførarkurset, seier kommunikasjonssjef i Tryg forsikring, Ole Irgens, i samråd med advokat.
Les også:
Lærarane får billigare forsikring
Det er ifølgje Tryg fire rettslege vilkår som skal vere tilfredsstilt for å få innvilga yrkesskadeerstatning. Mellom anna kriterium om akuttsymptom og brusymptom, som vil seie tida Wilmann har gått utan legebesøk, både rett etter kurset og i tida etterpå.
— Vi meiner at hendinga ikkje hadde skadeevne. Ein rapport vi fekk i fjor haust viser at påverknaden frå livbåtfallet er i nedre grense for kva som kan gje varige plager. Wilmann gjekk ikkje til lege før ni dagar seinare, då primært for andre plager. Deretter var det eit fem månadars opphald utan legebesøk for denne plaga, før plagene blei forverra, seier Irgens.
I tillegg meiner Tryg at det ifølgje medisinsk vurdering ville vore meir sannsynleg at plagene hadde vore verst i byrjinga, og betre etter kvart, og ikkje motsett, slik Wilmann har forklart sine plager.
Les også:
Nær ein halv million har forsikra seg mot helsekø
Nytt avslag
Ut frå dette har Tryg vurdert at årsakssamanhengen mellom hendinga i 2002 og nakkeplagene han har i dag, er mindre sannsynleg.
— At han har andre plager som gjer han uføretrygda, stiller vi ikkje spørsmål ved. Tryg må vurdere denne hendinga isolert som potensiell yrkesskade, seier Wenche Svoren, leiar for personskade i Tryg forsikring.
Tryg meiner at nakkeplager er nokså generelle i befolkninga.
— Dette er ei komplisert sak, og vi burde nok forklart avslaget betre enn vi gjorde ved det første avslaget i 2012. Gamle saker tar lang tid å handsame, og krev grundigare dokumentasjon. Vi meiner denne saka er grundig og riktig handsama. Det er ikkje slik at vi prøver å vri oss unna eller å hale ut tida. Går Wilmann til sak, blir 10-årsfristen avbrote. Vi er opptekne av å gje ut riktige erstatningar, og nokre vil nok vere ueinige i vår vurdering, seier Irgens.
Les også:
Her er stillinga som berre studentar får
Då BT tok kontakt med Tryg, tilbydde forsikringsselskapet seg å gå gjennom saka med Wilmann på nytt. Men denne månaden fekk Wilmann nok eit avslag, basert på same konklusjon som før.
Tryg er likevel innstilt på å dekkje nokre av Wilmanns utgifter.
Les også: