Rib-ulukke skal granskast av Havarikommisjonen

Statens Havarikommisjon har vedteke å granske saka der ein mann mista livet i ei rib-ulykke førre veke.

OMKOM: Den 57 år gamle mannen blei frakta med luftambulanse til Førde sykehus etter at han fall av rib-båten i Olden, men livet stod ikkje til å redde. Bengt Flaten

— Me er på plass i Olden og har samtalar med dei involverte, seier havariinspektør Tønis T. Sørensen.

Onsdag i førre veke fall 57 år gamle Olav Helge Øren av ein rib-båt og hamna i sjøen i Olden i Sogn og Fjordane. 57-åringensom førte båten som frakta totalt ni passasjerar, døydde torsdag morgon. Årsaka til ulukka har så langt vore ei gåte, ifølgje politiet.

— Bakgrunnen for at Havarikommisjonen skal granske ulukka, er at det er ei dødsulukke der det er snakk om kommersiell drift, seier Sørensen.

Håpar å finne årsak

Ifølgje vitner på staden skal rib-båten ha kome opp i stor fart like etter at båten køyrde frå land.

— Det kom eit kraftig gasspådrag, dette førte til at føraren og to passasjerar fall over bord, sa Kjetil Drange i Sogn og Fjordane politidistirkt til BT eltter ulukka.

— Havarikommisjonen fordelar ikkje skuld og ansvar, men me vil prøve å finne årsaka til ulukka for å hindre at liknande ulukker skjer i framtida, seier Tønes.

- Ikkje feil på båten

Dagleg leiar i Briksdal Adventure, Frode Briksdal, fortel at han har vore i møte med Havarikommisjonen måndag.

— Me har testkøyrd båten i dag. I kveld skal båten på land for vidare undersøkingar. Førebels er det ingenting som tydar på at det er noko gale med sjølve båten, seier Briksdal.

Politiet i Sogn og Fjordane etterforskar også ulukka.

— Me ventar på materiale frå Havarikommisjonen, sjøfartsdirektoratet og obduksjonen. Me håpar at desse undersøkingane vil gje oss svar på kva som har skjedd, seier politibetjent i Stryn, Tor Egedal.

Les også:

Les også

Båtfører (57) omkom etter rib-ulykke

Rapporten til Statens Havarikommisjon vil vere klar i løpet av eitt år.