Podkast: Blir det regje­rings­krise denne gongen?

Høyr denne vekas episode av «Nokon må gå».

Publisert Publisert

I STUDIO: Gerd Margrete Tjeldflåt, Jens Kihl og Morten Myksvoll held deg oppdatert på denne vekas store saker i siste utgåve av podkasten «Nokon må gå». Foto: Geir Martin Strande

Det haglar med skuldingar mellom Frp og resten av regjeringa – og mellom høg og låg i Frp. Denne veka handlar BTs podkast mykje om dramaet rundt at ei IS-kvinne og hennar to barn blir henta heim til Noreg.

BT-kommentatorane Morten Myksvoll og Jens Kihl er ikkje samde i om det er Erna Solberg som har dårleg kontakt med regjeringa eller om Siv Jensen har dårleg kontakt med Frp. Og er dette godt eller dårleg nytt med tanke på ein borgarleg valsiger i 2021?

– Det er ikkje gjeve at det går bra om Frp berre trekker seg frå regjeringa, meiner Morten Myksvoll.

Det er ikkje berre Frp som kanskje må gå. Arbeidsminister Anikken Hauglie (H) er i hardt vêr etter Nav-skandalen. Parodien på politiske journalistar er vel at dei elskar å jakte statsrådar, men har det noko for seg at aviser på leiarplass krev folks avgang?

Og i den faste spalta «Å Vestland» tek vi den store debatten: Kan Førde nokon gong bli ein fin by? Det skal halde hardt, om ein skal tru BT-journalist Gerd Margrete Tjeldflåt:

– Det er vanskeleg å sjå at det skal vere håp, er hennar konklusjon om sunnfjordshovudstaden, men både ho og Myksvoll har andre kandidatar til dei tristaste plassane på Vestlandet.

Høyr vekas episode her eller i BT Lytt, som du kan laste ned i App Store (for iPhone/iOS) eller Google Play (for Android).

Publisert